HKronikkGunnar Skirbekk

Hos oss står det likevel dårleg til på mange felt: Studentane som kjem frå dagens vidaregåande skole er ikkje som før og dei kjem i større omfang enn tidlegare, og det er mangt ved kvaliteten i undervisning og forsking på institusjonane for høgare utdanning som ikkje er så god som den burde vere. Dermed er det grunn til å gå det heile etter og prøve å gi differensierte svar tilpassa dei forskjellige slags problem.

Ein type treledda målsetjing ser slik ut: Vi skal styrke kvaliteten i den høgare utdanning, samtidig som studietida til lågare grad skal kuttast ned, og samtidig som vi skal ha ei brei rekruttering. Tar ein denne målsetjinga som gitt, vil det vere rimeleg å gå inn for å forlenge studieåret for studentane, samtidig som ein går inn for ei tettare oppfølging i undervisninga. Det første tiltaket kan skje ved forlenging av to-semesterordninga eller ved ei tre-semesterordning. Poenget er å styrke "heilårsstudenten". Det andre tiltaket krev meir lærarintensiv undervisning. Men med ei brei rekruttering vil slik undervisning bli spesielt lærarintensiv, ikkje berre på grunn av at antalet studentar slår ut på ein annan måte ved rettleiingsbasert undervisning enn ved tradisjonell førelesingsbasert undervisning, men fordi dei svakaste studentane er særleg ressurskrevjande når undervisninga er basert på studentnær oppfølging. Dette siste poenget har store konsekvensar for undervisningskostnadene.

Med denne treledda målsetjinga og med desse pedagogiske tiltaka vil det derfor bli behov for betydelege ressursoverføringar. Her er det lite å hente frå pedagogiske reformer i den forstand at det nettopp er dei grunnleggande pedagogiske tiltaka som er ressurskrevjande. Sjølvsagt kan ein t.d. utnytte personalressursar meir eller mindre effektivt innanfor den overordna ramma, men slike rasjonaliseringstiltak vil ikkje kunne kompensere for det store ressursbehovet som ligg i sjølve grunngrepet.

Det er derfor avgjerande at ressursane er sikra før ein forsøker å realisere slike tiltak. Det er tale om økonomiske ressursar, men det er også tale om mange nye fagfolk som skal kunne utføre det betydelege tillegget i undervisningsoppgåver som følgjer av lengre studieår og meir oppfølging overfor den enkelte student, også dei svake.

Men det finst tiltak som i nokon grad vil dempe spenninga mellom kvalitetskravet og behovet for nye ressursar. Det er tiltak som rører ved rekrutteringsgrunnlaget og ved spørsmålet om differensieringar innanfor den høgare utdanninga. Her kan vi skjele til ordningar i andre land:Det er mogleg å styrke studiekompetansen. Det kan skje ved å bygge opp ei studieførebuande linje i det vidaregåande skolen og ved å styrke krava til studiekompetanse for dei akademiske studia.

Det er mogleg å la alle få prøve seg og så la det første semesteret fungere som ei rask utsiling av dei som ikkje har motivasjon eller grunnlag for den type studium dei har valt.

Det er mogleg å skilje mellom ulike former for høgare utdanning. Dei praktiske yrkesutdanningane stiller andre krav enn dei akademiske utdanningane. Det er også mogleg å prøve å skilje mellom gode og mindre gode institusjonar. Slike tiltak er sjølvsagt ikkje enkle å få til; i eit egalitært samfunn som det norske, byr sjølve tanken om ei kvalitetssikring gjennom differensiering på ideologisk frustrasjon. Men i den grad ein ikkje går inn på slike tiltak, er det god grunn til å tru at behovet for ressursoverføring vil bli svært omfattande. Derfor er det grunn til å sjå på kva ein kan gjere med kvart av desse tiltaka:

a) Det å styrke den allmenne studiekompetansen kan by på politiske problem (jf. etterutdanningsreforma), men det går likevel an å arbeide for å styrke den studieførebuande utdanninga i vidaregåande skole, t.d. i form av ei omlegging i retning av ei studieførebuande linje, og det går an å skjerpe inntakskrava for bestemte fag på universitet og høgskular.

b) Det går an å gi konkrete insitament til dei fagmiljø som raskt og rettferdig skil ut dei studentane som ikkje taklar studiet, anten tidleg i studiet eller på eit seinare trinn, avhengig av fag. Her finst det ein god del tvilsam likskapsideologi som i praksis ofte blir til ei bjørneteneste for dei studentane det gjeld, samtidig som samfunnet også har bruk for unge folk til andre arbeidsoppgåver enn det å studere, og samtidig som vi her har spesielt ressurskrevjande studentar når det gjeld studentnær undervisning.

c) Det går an å skilje klarare mellom ulike utdanningsinstitusjonar og mellom gode og mindre gode institusjonar. Såleis bør institusjonelle og pedagogiske ordningar avpassast etter dei faglege behov og ikkje pressast inn i eitt mønster ut frå eit byråkratisk eller politisk ønske om einsarta samordning. Eitt eksempel er spørsmålet om styrarrolla på instituttnivå: Styrarrolla vil variere med kva slag institutt det er tale om, om det t.d. er eit naturvitskapleg laboratoriefag eller eit undervisningsfag i humanistiske fag med stor fagleg variasjon på forskingssida. Ein tilsvarande differensiert tankegang bør leggast til grunn ved vurdering av forholdet mellom ulike undervisningsinstitusjonar.

For å summere poenga så langt: Dersom ein vil halde oppe kvaliteten og samtidig kutte ned på studietida til lågare grad, er det rimeleg at ein gjer framlegg om lengre studieår og meir oppfølging i undervisningsopplegget; men då vil det bli nødvendig med overføringar. Dersom ein dessutan held oppe ei målsetjing om brei rekruttering og moderate krav til studiekompetanse, vil behovet for overføringar truleg sprenge alle rimelege rammer. Derfor er det tilrådeleg å legge meir realistiske krav til grunn med tanke på inntak og studiekompetanse, tilpassa dei ulike formene for høgare utdanning.

Samtidig vil personalpolitikken måtte komme i fokus. Større fleksibilitet vil vere på sin plass, og der undervisninga er forskingsbasert, bør også våre vitskapleg tilsette leve under kravet "publish or perish". Men vi bør framfor alt bli flinkare til å drive ein aktiv og positiv personalpolitikk, også overfor gode utanlandske fagmiljø. Arbeidsforholda bør vere slik at det er attraktivt å komme hit. Eit opplegg med maksimale undervisningskrav til eit lærarpersonale som dermed ikkje får nok tid og krefter til forsking, vil vere kontraproduktivt dersom vi samtidig skal halde oppe kvaliteten på den høgare utdanninga. Innanfor ein differensiert personalpolitikk bør ein derfor ha fokus på det forhold at gode folk trekkjer til seg gode folk. Dermed kan vi oppnå ein positiv, kvalitetssikrande spiral. Denne typen kvalitetsorientert personalpolitikk krev ikkje omfattande byråkratisk kontroll og omfattande registrering på kostnad av fagleg arbeid. I forlenging av argumentasjonen ovanfor bør ein også vurdere spørsmålet om ei differensiering av professorstillinga i tråd med visse utanlandske ordningar og i samsvar med innstillinga frå Det Norske Videnskaps-Akademi.

Eit særleg vanskeleg punkt er spørsmålet om ei differensiering mellom ulike institusjonar av same slag ut frå kvalitet. I eit lite og egalitært samfunn er det ikkje lett. Vanskane ligg på mange plan. Dei rører ikkje berre ved premissane for ei slik differensiering, men også ved implementeringa. Dersom ein for eksempel skulle gå inn for at Universitetet i Oslo bør omformast til eit eliteuniversitet i beste internasjonale klasse, ville ein nok måtte overføre ein del fag og fagfolk til andre institusjonar for høgare utdanning, slik at universitetet ville bli langt mindre enn det er i dag.

I 1967 stilte professor Knut Erik Tranøy spørsmålet Universitet — i Norge? Dette er eit spørsmål om det indre forhold mellom høgare utdanning, forsking og kvalitet. Der er saktens mange spørsmål i samband med høgare utdanning, men dette er truleg det mest prekære, i den forstand at det er dit spørsmålet vi først bør svare på. Svaret gir malen for det ambisjonsnivået vi for øvrig legg oss på når det gjeld høgare utdanning.

PS: Vi lever i eit lite samfunn med ein svak akademisk kultur. Dersom vi skal realisere ein slik ambisjon, er det sterke grunnar for å halde fast på at norske universitet og sentrale norske høgskular også i framtida skal vere frie offentlege institusjonar. Utan ei slik samfunnsmessig forankring er det hos oss grunn til å frykte aukande institusjonell sentralisering og aukande kommersialisering av det faglege innhaldet. Her er det derfor avgjerande at sentrumspartia ser sine sanne interesser og kjenner sitt politiske ansvar.