Dei som bur langs vegen eller er trafikantar, har mykje plagar og angst på grunn av tungtrafikken. I tillegg er langtransporten over fjellet eit slit for sjåførane.

No kan det bli ei viktig endring i tungtrafikken. Denne hausten vil tunnelane på Bergensbana vera ferdig utvida slik at trailerane kan ta toget mellom Vest— og Austlandet. Det betyr at ein stor del av dei vel 150 trailerane som køyrer mellom desse områda kvart døger kan flyttast frå E16, Rv7 og E76 og inn på låge jernbanevognar. Jernbanen sitt godsselskap, Cargonet, reknar med at potensialet er om lag 60 trailerar, og dei meiner dei har terminalplass, personell og togkapasitet nok til å klare transportoppgåva godt. Eg vonar at selskapet har rett, men er bekymra for at bedriftsøkonomiske omsyn kan forseinke og avgrense overgangen til tog.

Dei eksterne kostnadene (miljø, ulukker, kø, slitasje) ved godstrafikk på veg er i Norge om lag 4 gonger så høge som ved godstrafikk på jernbane (rekna pr tonn, Transportøkonomisk Institutt, 1999). Sjølv om også jernbanen betalar for lite av desse kostnadene, er dei tyngste bilane dei største snyltarane: dei pålagde avgiftene på godsbilar over 23 tonn dekker berre om lag 60 prosent av dei totale eksterne kostnadene på 2,2 milliardar kr (1999).

EU har store problem med å avvikle godstrafikken (som er urimeleg stor, og som er stipulert å auke meir enn 50 prosent dei neste 10-12 åra), men har skjønt at dei satse på jernbane og kombitransport for å vera i nærleiken av å kunne avvikla trafikken. Rein subsidiering er tabu i EU-systemet, men både Tyskland og Austerrike satsar på ekstra, miljøbegrunna køyreavgift for å presse meir av godstrafikken frå veg til jernbane. Slik bør det også vera i Norge. Der tilhøva ligg godt til rette, som mellom Bergensområdet og Austlandet frå i haust, bør styresmaktene bruke både pisk og gulrot for å flytte trailerane over på toget. Både ytre miljø, arbeidsmiljø og samfunnsøkonomi talar for dette. Kvifor ikkje leggja på køyreavgifta for dei tyngste bilane frå 1.1.2004 slik at dei dekker dei eksterne avgiftene fullt ut? Og samtidig hjelpe banesektoren med å få terminaltilhøva gode og kapasitetssterke? Eller går bedriftsøkonomi (privatisering, oppgåver ut på tilbod) føre andre omsyn i norsk samferdsel for tida? Kva seier samferdselsministeren?

Sigurd Solberg, Hordaland RV