Tenkje seg til at våre godhjarta politikarar kan visa så stor omsut for dei fattige, huslause, at dei kan finna seg rom i hjarta til å setje av 25 millionar kroner, som dei kan bu for.

Det blir kroner 3571,43 for kvar av dei, det. Ein liten hybel i ein månad, kanskje — eller eit par døger på eit offentleg krypinn - for dei utan midlar.

Det viser sanninga i det gamle ordtaket at der det er hjarterom - der er det også husrom (iallfall for nokre dagar!)

LARS-TORALF STORSTRAND, FREKHAUG