Dei fortvilar over at kommunen ikkje ryddar opp. I heile haust har saka lege som ein verkebyll i lokalsamfunnet Aurland. Fleire har måtta sjukmelde seg som følgje av den vonde historia. Foreldra Bergens Tidende har snakka med seier at dei fryktar for tryggleiken til barna i barnehagen.

«Slått med pinne»

Det starta 19. juli i år, då Aslaug Skålnes henta fireåringen sin i barnehagen. Han var svært mutt og hadde tissa i buksa, noko som var heilt uvanleg. Ut over dette fekk ho ikkje vite om at noko uvanleg skulle ha skjedd. Dagen etter, den siste før ferien, ville ikkje guten i barnehagen.

Men det var i løpet av sommarferien han omsider fortalde kva han hadde opplevd.

— Han sa at NN (styraren i barnehagen, red. merkn.) hadde slått han over handa med ein pinne, og sagt det skulle vere ein hemmelegheit. Eg kontakta pedagogisk leiar og skulesjef, og håpa at dette skulle bli rydda opp i, fortel Aslaug Skålnes.

— Men sidan har lite og ingenting skjedd for å ivareta barnas og våre interesser. Og no er det gått så lang tid at vi er heilt fortvila. Det er ikkje med lett hjarte vi står fram i Bergens Tidende, men vi har faktisk prøvd alt anna for å få rydda opp.

Såg ikkje slaget

I august høyrde Skålnes på bygda om overgrep mot nok eit barn i Vangen barnehage, få dagar etter det første.

Uavhengig av kvarandre hadde foreldra meldt frå om sine saker til skulesjef og kommune.

Også ein barnehagetilsett som var vitne til den eine episoden melde frå om kva ho hadde sett, i eit detaljert brev som vart sendt rekommandert til kommunen. Her skildrar ho styrarens raseriutbrot mot barnet, utan at ho såg noko slag. Dette skal imidlertid barna som stod nærast ha fortalt om til sine foreldre. Foreldra meiner assistenten ikkje har fått støtte og gehør frå kommunen, trass i at personalet har plikt til å melde frå. Ho er i dag sjukmeld på grunn av saka.

Sjølv har barnehagestyraren nekta konsekvent for å ha slått barna. Saka har vore politietterforska, men er lagt bort på grunn av «bevisets stilling». Politiet tok ingen avhøyr av barna.

— Uavhengig av kva som faktisk skjedde, er desse episodane med barna svært alvorlege, seier leiar i foreldrerådet ved Vangen barnehage, Alf Strømsnes.

— Og etterkvart som tida har gått, er denne saka blitt noko langt meir enn ei personalsak.

Redd for barnehagen

Allereie i september kravde foreldrerådet skriftleg at den aktuelle styraren ikkje skal ha direkte kontakt med barna i barnehagen.

Men kommunen har lete vedkommande stå i stillinga, og ved sjukdomsfråver har vedkommande tredd inn og hatt ansvar for barna. Foreldrerådet strekar under at dei har full tillit til dei andre tilsette i barnehagen.

— Det er fortvilande at kommunen har gjort så lite, og prøvd å dysse saka ned. Eg ser at guten min er redd for å gå i barnehagen, seier Aslaug Skålnes.

— Kommunen prøvde ikkje eingong å undersøke kva som faktisk hadde skjedd.

Foreldra til det andre barnet har opplevd det mykje på same måten.

— Eg er forferdeleg skuffa over måten dette har blitt takla på, seier far Kjetil Raaen.

— Det har vore ei enorm belastning; korkje vi som foreldre eller barna har fått noko oppbakking. Vi føler oss ikkje trygge, og går på tå hev når vi leverer og hentar i barnehagen.

Begge barna som var involvert i episodane har ifølgje foreldra hatt klare åtferdsendringar etterpå.

UTAN TILLIT TIL BARNEHAGE: - Dette er ei alvorleg sak, og kommunen set styrarens interesser framfor barna sitt ve og vel, meiner foreldra Bente Kristin Turhus, Kjetil Raaen og Aslaug Skålnes.
FOTO: JENS HAUGE