OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noFitjar

Laurdag var Herstad med på å offisielt opna Fitjar kultur— og idrettshall. Han sa at hallen - verd 30 millionar kroner og eit kjempeløft for ein kommune med berre 3000 innbyggjarar - vil vera med på å bringa Fitjar store byks framover.Harry Herstad har stor tru på at Fitjar vil få eit attraktivt skulemiljø, eit "Silicon Valley" og ei sentralhavn ved Årskog industriområde. Steinuttaket på Raunholm kjem til å bli ein realitet, Fitjar får eigen golfbane og ein ny, stor hyttelandsby. Han ser heller ikkje bort frå at Kyststamvegen kjem til å gå gjennom Fitjar via Austevoll til Bergen. - Fitjar kommune forsvinn - Framtida tilhøyrer dei som ikkje har tapt illusjonane sine, sa Harry Herstad under hallopninga.Han ser lyse framtidsutsikter for Fitjar, om enn ikkje for Fitjar kommune, som han trur er slegen saman med Stord og Bømlo innan 2007.- Trekantsambandet hadde skapt en stor og felles arbeidsmarkedsregion - de gamle kommunegrensene ble mer og mer uhensiktsmessige for hver dag som gikk, sa Harry Herstad på utdanningskonferansen på Stord 8. februar, der han var invitert til å spå korleis Sunnhordland ser ut om 10-15 år. Rådhus blir luksushus - Kommunene rundt om hadde etter hvert kvittet seg med de fleste eiendommer for å frigjøre ressurser og flytte stadig mer av innsats og oppmerksomhet over mot ren tjenesteyting, sa Herstad, som "såg" at ein Fitjar-entreprenør hadde kjøpt Fitjar rådhus for å byggja 25 moderne seniorhusvære der.For Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) teiknar Herstad opp ei framtid med forbrenningsanlegg, djupvasskai og eit sentralt miljøverk i regionen. Kommunegrenser fell - Bømlo, Stord og Fitjar kommuner utviklet først flere spennende interkommunale samarbeidsprosjekt med SIM som felles iverksettingsledd. På denne måten etablerer disse kommunene etter hvert et felles IKT-selskap, felles regnskaps- og økonomikontor, deretter et felles driftsselskap for tekniske tjenester som oppmåling, vannverk, brannvesen, feiing og byggesaksbehandling, sa Harry Herstad i sitt visjonsføredrag.