Leiaren i BT 6.3. tar for seg narkotikapolitikken i Noreg. Siste avsnitt lyder slik: «Norge er «Det forjettede land» for heroinsmuglere. Her kan de ta skyhøye priser, og rekrutteringen av nye kunder er åpenbart stor. Det skulle vise godt nok at tiden er inne til en fordomsfri gjennomgang og revisjon av narkotikapolitikken her i landet.»

Fordomsfri tør eg difor koma med nokre tankar kring rusgiftbruken i dag. Stadig spør eg meg sjølv om kvifor det vert satsa så mykje på den kunstige rusen. I våre dagar veit me at det er mange ulike kjemiske stoff å velja mellom. Heroin er eit av desse stoffa. Store pengar er det å tena på dette stoffet. Dersom folk hadde vilja satsa meir på den naturlege rusen, ville det ikkje vera marknad for desse kjemiske stoffa. Sjølv er eg svært takksam for at eg fekk veksa opp i eit miljø der det var heilt naturleg å satsa på ein edru livsstil. Livet har vore godt å leva utan å måtta nytta kunstig rus. Vart det in å satsa på ein edru livsstil, ville marknaden for narkohaiane vert mykje mindre. Bør ikkje dei unge oppmuntrast til å satsa på ein edru livsstil?

Sjefredaktør Einar Hålien er m.a. i sin kommentar 10.3. «Mørke over heroinbyen», inne på korleis ein kan bremsa rekrutteringa. Han meiner at dei førebyggjande tiltaka ikkje treff dei unge. Er det ikkje for passivt berre å satsa på, som Hålien skriv: «bedre behandlingsopplegg og et mer effektivt narkotikapoliti?»

OTTAR BOGE,INDRE ARNA