Kanskje er dei på byen for å skaffa seg meir rus. Einkvan tilbyr amfetamin eller heroin. Seljaren er pågåande, driv god reklame. Kjøparen er i rus. Han prøver å protestera, men let seg overtala. Det endar med: «Tja, kvifor ikkje prøva?»

Vi vil ikkje ha det slik i byen vår at menneske døyr av narkotika. Vår idé er å arbeida mot rus i alle samanhengar. Den som møter agenten for narkohaiane i edru tilstand, har meir styrke til å seia nei. Einkvar ungdom veit jo at amfetamin og heroin er vegen til narko-helvete, og dit har han ikkje tenkt seg.

ÅSLAUG MJØS, HORDALAND FRÅHALDSRÅD