Alternativet går nord for Askøya, over Herdlaflaket, men her er det for grunt. Det kan vel ikkje vere noko hindring, tenkjer dei rundt Vågen i Bergen. Vi har då dynamitt.

Eigentleg burde dette vere ei daud sak. Stortinget oppheva i 1994 eit tidlegare vedtak om alternativ seglingslei via Herdlafjorden, og der bør saka vere arkivert.

Herdla er eit heilt spesielt landskap på Vestlandet, og den rikaste fuglelokaliteten i Hordaland. Over 200 artar er registrert, og det er i norsk samanheng eit stort tal. Dette kjem av dei grunne og produktive havområda rundt Herdlavalen. Etter fleire konfliktar om oljebase og grustekt i sjøen, vedtok regjeringa i 1985 Herdla naturreservat og eit større fuglefredingsområde over grunnhavet omkring. Nokre av artane er talrike, andre er i tilbakegang og sjeldne.

Det står mellom fuglane og seglingsleia. Alle visste før vedtaket om Askøybrua at Herdla var verna. Vi kan ikkje ha ei naturforvaltning som er slik at verna og verneverdige område er tilgjengelege som salderingspostar for økonomiske innsparingar. Det er ikkje fuglane på Herdla som skal betale for ei billegare bru til Askøya. I Hordaland har samferdsletiltak øydelagt så mykje natur at det må vere nok. Dersom vedtaket om å senke Askøybrua ikkje var framsynt nok, får Bergen likevel leve med det. Byen er likevel ikkje stengd ute frå verda.

Å grave ut Herdlaflaket ville vere ein skandale. Til Tautra i Nord-Trøndelag, også eit rikt og verna fugleområde, bygde dei for nokre år sidan ein samanhengande molo som har endra straumane i sjøen og redusert fuglelivet. I fjor tok Stortinget konsekvensen av feilgrepet og løyvde pengar til å opne moloen. Eit inngrep i Herdlaflaket vil vere uoppretteleg. Det ville vere rasjonelt og framtidsretta av fylkespolitikarane å legge denne saka daud ein gong for alle.

Av Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund