— Vi kjem ikkje til å offentleggjere namn på søkjarar eller på dei som er blitt oppmoda til å søke denne jobben. Nokre søkjarar har dessutan kravd fullstendig konfidensiell handsaming, seier konserndirektør for organisasjon, leiing og personal i A-pressen ASA, Mai Torill Hoel.

Dermed har ein av dei store norske aviseigarane nok ein gong valt å kjøre ein lukka prosess når ein viktig toppleiarjobb skal fyllast. Pressa sine organisasjonar har, med redaktørane som spydspiss, i årevis kjempa for større innsyn i forvaltninga og samfunnslivet elles. I denne samanhengen har opne søkjarlister stått heilt sentralt.

— Blir det ikkje merkeleg når A-pressen vil tilsetje ein redaktør som ikkje vågar å stå ope fram som søkjar, når han nærast har som jobb å krevje dette av andre toppleiarar i samfunnet?

— Vi har valt å gjere dette på denne måten, og ser ikkje på dette som ei offentleg sak, seier Hoel.

— Men kvifor vil de ikkje eingong seie kor mange søkjarar det er til stillinga?

— Det må i så fall Jorulf Husbyn gå ut med, eg er berre ein slags sekretær i denne prosessen, svarar konserndirektør Mai Torill Hoel.

Husbyn er regiondirektør i A-pressen ASA, og dessutan styreleiar i avisa Firda. Tysdag var han ikkje på plass på kontoret sitt i Media Øst, og gav heller ikkje nokon respons på våre meldingar på mobilsvararen.

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening seier seg lei for at mediebedriftene handterer redaktørtilsetjingar på denne måten.

— Vi må berre beklage at bransjen ikkje ser behovet for å gå foran med eit godt eksempel, seier Øy, som også er medlem i Norsk Presseforbunds offentlighetsutvalg.

— I media er det berre unntaksvis at vi er opne rundt redaktørtilsetjingar. Også elles i samfunnet ser utviklinga på dette området ut til å gå feil veg.

— Har eigentleg tilsetjing av ein redaktør så stor offentleg interesse?

— Utan tvil. Dette er stillingar som oppfyller alle kriterier i så måte, svarer generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy.

Ifølgje konserndirektør Mai Torill Hoel skal styret i avisa Firda tilsetje sin nye redaktør i løpet av juni månad.