At helvetet eksisterer som ein realitet er uomtvisteleg ifølgje Bibelen. Eg skal her berre ta eit par døme:

1. Den rike mannen og Lasarus som vi kan lese om i Luk. 16, 19-31. Det er Jesus sjølv som fortel, så det skulle stå til truande. Den rike jamrar der han vaknar etter døden: «Eg lid så fælt i denne logen,» seier han. Noko seinare ber han om at Gud må la Lasarus stå opp att og vitne for brørne hans, slik at «ikkje dei og skal kome til denne pinestaden». At brørne levde, syner at han kom til pinestaden like etter døden.

2. I den litle Bibelen, Johs. 3, 16, les vi: «For så høgt har Gud elska verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal fortapast, men ha æveleg liv».

Desse to døma syner at det er to utgangar av livet: Anten sæla eller pina. Tru/ikkje tru på Jesus avgjer. Valet er fritt. Du må velje for deg, eg må velje for meg. Konsekvensen av valet vi tek går fram av døma ovafor.

Hallvard Kvæven, Sirdal