EINAR FØRDE

«Rikets tilstand» havarerte i førre veka. Havariet er eit nyttig lærestykke for den fjerde statsmakta fordi det så tydeleg illustrerte kor viktig det er å halde i hevd slitne og nedstøva journalistiske ideal. Uavhengig, fair, grundig, korrekt og kunnskapsrik journalistikk ser vi best verdien av når vi blir presenterte for eit arbeid som er unfair, slumset, unøyaktig og ignorant. Eg låner med vilje eit engelsk uttrykk som har gått inn i sportsspråket vårt fordi det var mangelen på «fair play» som først og fremst felte Helskog og hans medarbeidarar. Eg har omsut for at dette havariet ikkje skal kunne nyttast av dei som ønskjer seg journalistikk som er mindre kritisk og nærgåande.

Avisene har vore fulle av innlegg dei siste dagane som skildrar journalistar som sensasjonshungrige, usaklege, unøyaktige, uvitande og manipulerande. Dette er ikkje berre røyster frå folkedjupet. Eg har hatt nok omgang med ulike såkalla elitar i det norske samfunnet til å vite at slike synsmåtar er godt representerte også der. Dei har eit sterkt engasjement i å teikne karikaturar av journalistikk og journalistar fordi dei ofte mislikar slike og opplever dei som trugsmål.

Eg har vore nøydd til å bruke litt tid på å tenke over tilhøvet mellom etermedia og makt. BBCs legendariske generaldirektør, Lord Reith, slo fast under ein stor britisk generalstreik at BBC var på regjeringas side. Under krigen var BBC hundre prosent på regjeringas side slik NRK i London var ei propagandaavdeling for den derverande norske regjeringa. Noko anna hadde knapt blitt akseptert av folket korkje her eller der. Så starta dei gamle statskringkastarane ein langsam frigjeringsprosess. Denne vart særleg viktig då fjernsynet kom. Oppløysinga av monopola gav ny fart til denne prosessen. Eg har prøvd å gjere mitt for å skunde på og overtyde makthavarane og anna folk om at dei er betre tente med uavhengige, upartiske og kritiske nasjonale kringkastarar.

Retorikken om den fjerde statsmakta blir ofte tomme fraser som ikkje imponerer folket. Men etter mitt beste skjønn lever vi i tider som gjer rolla som kritisk vakthund viktigare. Samfunnet er meir komplisert, den private og offentlege makta er meir konsentrert og mindre open. Når opinionen har mindre politisk engasjement og lettare følgjer skiftande politiske konjunkturar, må presse og kringkasting prøve å kompensere for dette tapet i demokratisk kapital. Det er synd å seie at den fjerde statsmakta utfører oppgåva prikkfritt. Men i USA kan du nemne stikkord som Watergate og nå Enron for å slå fast kva livsviktig rolle den fjerde statsmakta spelar.

I utviklinga av meir kritisk norsk etermediejournalistikk har NRKs «Brennpunkt» og TV 2s «Rikets tilstand» vore svært viktige. Lista over vesentlege bidrag til å avdekke det skeive og skakke i det norske samfunnet er etter kvart blitt lang. Med redaktøransvar for noko av det ergra eg meg over for dårleg arbeid og unfair behandling av folk som ikkje fortente det. Men det vart meir enn kompensert av glede over godt arbeid og vesentleg journalistikk. I eit lite land kan fjernsynsdokumentaren lett bli salderingspost, fordi han er ressurskrevjande når det gjeld folk og pengar. Derfor må kringkastarane verne om dokumentaren og forsvare dei som blir sende ut i denne jobben. Slikt vern går mellom anna ut på å stille opp når det blir truga med rettssak. Det gjer objekta for dokumentarane ofte. Slike trugsmål tener som forsvar fordi dei får brei omtale og er eigna til å svekke inntrykket av realitetane i dokumentaren. Men det blir sjeldan rettssak av det og endå sjeldnare fører slike saker til tap for programskaparane. Den siste slike saka eg var i nærleiken av i mitt tidlegare liv galdt ein dokumentar om eigedomsmekling. Krogsveen gjekk høgt ut og fekk mykje omtale på korleis dei skulle knekke NRK i retten. Seinare har eg ikkje korkje høyrt eller sett noko til saka.

Idrettsforbundet og Toppidrettssenteret møtte instinktivt doping-dokumentaren med trugsmål om rettssak. Etter kvart dukka Per Danielsen opp i kulissene. Det er ofte dei same dyra som dukkar opp kring eit åtsel. Rettssak kan ha noko for seg når det er strid om realitetane og nokon verkeleg har lidd økonomisk skade av eit urettvist program. Når sant skal seiast, er det ikkje lett å få journalistar til å vedgå feil eller be om orsaking. Men det var ikkje problemet i denne saka. Dermed stod trugsmålet om rettssak att som eit framstøt for å få tak i pengar. Det fekk vel Idrettsforbundet utan sak gjennom det såkalla forliket førre kvelden. Eg mislikar den nye omseggripande tendensen til å veksle moralsk indignasjon inn i kroner. Det har vi frå amerikanarane. Men vi blir ikkje meir moralske av det.

Eg har undra meg over Bjørge Stensbøl. Eg har instinktiv skepsis til det skinnheilage. Folk som ustanseleg må forsikre om kor seriøst dei tek problem og kor upletta og syndefrie dei er, får utriveleg høg fallhøgde. Forsikringane om kor dopingfrie vi er, kjem frå tillitsmennene i ein organisasjon som nå har ei lang liste av dopingdømde i sitt medlemskartotek. Ingen av oss trur at vi har sett den siste saka. Tollbeslag og sjukejournalar fortel ei anna historie. Stensbøl slepper katta ut av sekken når han skal kvantifisere skaden av TV 2-dokumentaren som han kallar Norges desidert største medieskandale. I forhold til dette var omtalen i utlandet av dei to dopingdømde nordmennene i Atlanta berre ein bagatell. Omfattande ufordelaktig omtale er eit større problem enn doping. Slik talar ikkje den moralske. Dette er propagandistens eller kræmmarens språk. I andre vendingar som når han krev at folk skal møte på hans kontor, er han mistenkeleg lik språktonen i den gamle nomenklaturen i Aust-Europa.

Dette er ikkje Norges største medieskandale. Ein gjennomgang av sakene i PFU vil kunne overtyde dei ansvarlege i Idrettsforbundet om at her er langt verre ting å skamme seg over for norsk presse og kringkasting. Særleg ille er det når det har gått ut over svake og ressursfattige. Men også i andre kategoriar er det folk som har meir å klage over enn Stensbøl. Eg kjenner ein bra kar som heiter Torstein Moland. TV 2-dokumentaren var eit makkverk. Men i kjølvatnet av den ligg framleis ein del ubesvarte spørsmål om tilhøvet mellom toppidrett, medisin og kjemi. Eg vonar nokon har mot til å ta opp dei. Populært blir det ikkje, men dokumentaristar bør huske John Stuart Mill: «Om alle menneske minus ein hadde same meining, og berre ein person hadde den motsette meininga, hadde menneska ingen større rett til å få denne eine til å teie enn han dersom han hadde makt til det, hadde rett til å få alle dei andre til å teie.»

Eg er tilhengar av at dokumentarar skal vere basert på korrekte fakta. Men då må det også leggast til at journalistikk ikkje berre er omhyggelege analysar av kritiske dilemma. Journalistikk er om menneske — menneske som rotar det til for seg, som går i vegen for andre, som gjennom uforståelege handlingar og inkompetente feil peikar nase til logiske konstruksjonar og vitskaplege metodar. Slike folk skaper også historie. Kva dei seier, tenkjer og føler kan i einskilde samanhengar vere like vesentleg som handelsbalansen eller konsumprisindeksen. Derfor er det i kjølvatnet av eit havari viktig å kjempe for dokumentaristens fridom.

TEIKNING: MARVIN HALLERAKER