Av Helga Nygård, Samnanger Senterparti

Igjen kan vi i media lese om nedskjeringar. Og igjen er det tiltak som fungerer som blir ramma. Denne gongen er det Helse Stavanger som er ute med sparekniven. Og igjen rammar det folks helse og livskvalitet. Men kva betyr det, det må sparast, styra i helseregionane skal gå i balanse, ja, helst med overskot. Då gjer dei jobben sin, og då er det ikkje så farleg om det går utover nokon, dei det går utover er kan hende ikkje så mykje til nytte likevel.

Det er rehabilitering og ortopediske avdelingar som skal leggjast ned/flyttast på, denne gongen. Dette skjer over heile landet, lokalbefolkninga engasjerer seg med protesttog, underskriftskampanje og anna, men dei ansvarlege opptrer med maktarroganse og mangel på respekt for dei vedtaka rammar, nemleg lokalbefolkninga. Berre sjå på det som skjer i Lærdal, i Florø, ja, der er mange liknande og verre eksempel på overkøyring og maktarroganse.

Også her i fylket er det mange eksempel på manglande respekt for brukarane, eit av dei verste opplever vi her i Samnanger kommune, i ambulansesaka. Det er lagt fram resultat av ei undersøking som viser at dei tilsette blir ramma både når det gjeld trivsel og helse, som følgje av helsereforma. Resultatet er ofte lange sjukmeldingar og uføretrygd i altfor ung alder. Har vi som samfunn råd til dette? Kva med livskvaliteten til dei det rammer? Dette må det gjerast noko med, vi har ikkje råd å la vere.

Meiner verkeleg Ap, Frp og Høgre at det er slike tilstandar som vi no er vitne til som var føremålet med at staten skulle overta? No tar vi debatten.