Leif-Jarle Theis i Kirkens Bymisjon i Bergen seier at tiggarane i Bergen må møtast med respekt.

Respekt er eit nøkkelord i Unge Venstre sin liberale ideologi. Alle menneske har krav på å bli respekterte og tekne seriøst. Respekt og menneskeverd ligg òg til grunn når Unge Venstre ønskjer å innføre borgarlønn. Borgarlønn vil seie at alle over 18 år skal ha noko å leve av, utan omsyn til livssituasjon, og ein skal sleppe å gjere seg «fortent» til støtta. Borgarlønna skal vere stor nok til at det går an å leve av ho. Denne ordninga vil gjere systemet enklare og meir oversiktleg for borgarane ved at Statens lånekasse for studentar, store delar av trygdesystemet og sosialstønaden kan samlast under ei ordning.

Borgarlønn er meint å gje det einskilde menneske valfridom og rettar, framfor at dei skal stå med lua i handa. Slik systemet fungerer i dag, blir nokre av borgarane gjort til klientar og nærast stempla som andrerangs menneske. Bergen Unge Venstre trur at alle menneske har noko å tilføre samfunnet! Alle er likeverdige borgarar, og skal bli møtt med respekt som ulike individ.

INGVILD HESTAD TORKELSEN OG KJERSTI MOE, BERGEN UNGE VENSTRE