BT sitt standpunkt mot Hardangerbrua er vel kjent og står i klar motstrid til fylkestinget si prioritering. Den debatten skal eg la liggja her. Men eg finn det nødvendig å reagera når BT skriv «... kreative fylkespolitikarar prøver seg med oppfinnsame prokuratorknep. Det tener dei til lita ære. Og slik framferd kan straffa seg.»

BT siktar her til at fylkeskommunen legg opp til at oppsamla og nye konsesjonskraftmidlar skal sikrast for Hardangerbrua. Eg vil minna om at fylkestinget i april 1985 la til grunn at konsesjonskraftmidlane skulle nyttast til investeringsføremål. I ein periode skulle pengane gå til å betra kommunikasjonane, særleg i dei distrikta som gjev grunnlag for konsesjonskrafta.

For perioden 1987-1999 vart midlane fordelte med 70 prosent til Hardangerbrua og 30 prosent til Folgefonntunnelen. I 1999 gjorde fylkestinget nytt vedtak for fordeling av midlane fram til 2010, med 70 prosent til Hardangerbrua og dei resterande 30 prosent fordelt på tre ulike prosjekt. Midlane til Folgefonntunnelen og to av prosjekta som vart prioriterte i 1999 er utbetalte og brukte. Det tredje prosjektet, tilskot til utbygging av E 134 Rullestadjuvet, er det ikkje lenger aktuelt å yta konsesjonskraftmidlar til.

Fylkestinget skal på møte i 9.-10. desember i år handsama fordelinga av konsesjonskraftmidlane for åra framover. Fylkesutvalet, med unnatak av SV og V, strekar i innstillinga under at vedtaket om 70 prosent til Hardangerbrua står ved lag og skal innfriast. På grunn av den svært vanskelege økonomiske situasjonen for fylkeskommunen i åra 2004-06, vil årleg 20 mill. kroner av konsesjonskraftmidlane til brua verta nytta til andre føremål. I fylkesutvalet si innstilling vert det presisert at dette er ei utsetjing av tildelinga av midlar til bruprosjektet, og at tildelingsperioden såleis skal lengjast med tre år — til og med 2012.

Fylkesutvalet legg opp til at fylkestinget sine vedtak og lovnader om midlar til Hardangerbrua, skal innfriast. Frå komande årsskifte vert rekneskapsføresegnene for fylkeskommunane endra og ordninga med særrekneskap vert avskipa. Fylkestinget sitt vedtak om å setja av midlar til Hardangerbrua krev difor andre føringsmåtar. I denne samanheng går fylkesutvalet inn for at fondsmidlane i særrekneskapen vert gjort om til eit utlån til Hardangerbrua AS. På denne måten vert fylkestinget si avsetjing til Hardangerbrua heilt sidan 1985 sikra.

Dette er korkje triksing, lureri - som enkelte påstår - eller prokuratorknep. Det som verkeleg vil kunna kallast lureri, er om dei nye rekneskapsreglane for kommunesektoren skal føra til at dei oppsparte fondsmidlane på 111 mill. kroner til Hardangerbrua må gå til å dekka driftsunderskot i fylkeskommunen.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg