MAGNE REIGSTAD magne.reigstad@bergens-tidende.no Kladdebok og ABC er bytt ut med pc-ar proppa med avanserte teikneprogram. Han sit saman med tre andre som også valde å gå mot flytte-straumen. Dei prosjekterer heisanlegg, forhandlar utanlandske heisar og har heile landet og oljefelta i Nordsjøen som arbeidsmark.Tveit budde og trivdes i Bergen i ti år. Så vart det pendling og heimekontor — og til slutt spranget attende til barndommens grøne enger.- Ungane har best av å bu på landet, det er færre ting å koma bort i her. Skuleklassane er mindre og lærarane får betre tid til kvar elev, meiner den heimvende. Sauer og fuglar Han får støtte av Merete Flakke som flytta heim til Tysnes for seks år sidan.- Stressnivået er eit anna enn i byen. Her høyrer du fuglekvitter og ser sauene beita utanfor kontorvindauga, seier ho som fekk nok av asfaltlivet.Geit K. Tvedt er ur-bergensar, men eigde eit gamalt hus på Tysnes. Det er rive og Tvedt har bygd nytt på tomten. Ingeniøren har slått rot.Heis-Tek har det som trengs av ISDN-liner for å overføra megatunge datapakker.- Vi kunne ikkje slått oss ned her utan eit effektivt telenett, seier Tveit. Dyr veg Den mykje omtala "breibandvegen" vert dyr å føra fram til utkantskulen. Bedriftsleiaren meiner gode bilvegar er vel så avgjerande for å få kvalifiserte folk og aktivitet i distrikta. Kyststamveien over Tysnes ville vera topp.Verksemda sysselset 35 menneske og har avdelingskontor frå Tromsø i nord til Tønsberg i sør. Ingenting vert produsert på Tysnes, bortsett frå papir. Heisar er kompliserte saker og det meste av delane vert kjøpt utanlands. Heissjakta til Draupnerplattforma vart laga på Stord og frakta i element ut på feltet. Heis-Tek trur på fleire slike ordrar frå oljeindustrien. Sameige Ti bransjekolleger eig Heis-Tek, alle fagfolk med opptil 30 års erfaring i faget. Tveit vedgår at han hadde våkenetter før han kasta seg utpå.- Eg gjekk frå ein relativt sikker jobb til smalhans, men firmaet vårt har tent pengar frå første året. Vi starta forsiktig, men i fjor vart omsetninga rundt 30 millionar kroner og overskuddet ti prosent av dette, seier Tveit.Bedrifta saltar ikkje ned pengar i stort lager, men baserer seg på at underleverandørane held løfta og leverer til avtalt tid på kvart prosjekt.Lagerhald innskrenkar seg til reservedelar på kvart avdelingskontor. Firmaet leiger skulestova frå 1938. Tveit ser for seg vidare vekst i heimkommunen, men då må Heis-Tek over i større lokale.