TERJE ULVEDALFørde

Ei rusvaneundersøking som er gjennomført i Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal og Vågsøy viser at det er tre gonger så mange unge som har fått tilbod om, og har drukke, heimebrent enn det er ungdommar som har brukt narkotiske stoff.

— Enkelt sagt er heimebrent eit tre gonger så stort problem som narkotika, meiner Eivind Jahren i firmaet Globus kompetanse som i samarbeid med Høgskolen i Tromsø har gjennomført undersøkinga.

Undervurdert Jahren meiner heimebrenning er undervurdert som årsak til rusproblem.- Ingen har teke alvorleg fatt i heimebrenning. Det er stort sett noko det vert slått vitsar om. Men vi veit trass alt at det sannsynlegvis er langt fleire som går til grunne på heimebrent enn narkotika, seier Jahren.

Heile 34 prosent av ungdomsskuleelevane i Nordfjord har i undersøkinga svart at dei har fått tilbod om heimebrent og kvar fjerde har drukke det. Tilsvarande tal for narkotika er 11 og 7 prosent.

Eldre kameratar? I Hornindal har 39 prosent av dei unge drukke heimelaga sprit, ingen har prøvd narko! Barn like ned i 12-13-års alderen har i granskinga svart at dei drikk heimebrent.

— Kvar får ungdommane tak i heimebrenten?

— Det anar eg ikkje. Men vi ser av undersøkinga at generelt så er det eldre kameratar som forsyner dei unge med rusmiddel, meiner Jahren.

Under landsgjennomsnittet Tala frå rusvaneundersøkinga i dei fem Nordfjord-kommunane vart presentert på Sandane i går ettermiddag. Hovudtala syner at rusbruken mellom ungdom i Nordfjord ligg litt under landsgjennomsnittet.

— Det svarar godt til det vi hadde venta å finne. Skulle det vist seg at vi hadde fått høgare tal enn landsgjennomsnittet i Nordfjord, ville det vore overraskande.Granskinga viser også at ungdom i Nordfjord har eit restriktivt syn på narkotika.

Rusmiddel er mest utbreidd mellom ungdomsskuleelevar i Eid og Bremanger. Vågsøy og Hornindal ligg under snittet, medan Gloppen er gjennomsnittskommunen i Nordfjord.