DEBATT

Av Olav Torheim

Men ein kann få inntrykk av at han tykkjer det kunde vera heilt på sin plass. Han skriv at Jostein Krokvik er heiderslagsmann i Vestmannalaget og at dette er det fyrste større bokverket um vestmannalagsskiparen Krohn og at Krohn og Krokvik er millom dei fremste idealistane som soga kjenner i arbeidet for norsk mål og kultur.

I beste fall hev Jerdal freista å koma med ein slags løynd argumentasjon, men kva rolla spelar det for saki at Krokvik er heiderslagsmann i Vestmannalaget? Spursmålet er enno: Er det å heidra Henrik Krohn å bruka upp det legatet som er knytt til namnet hans og er det i det heile lovleg? At Krohn var ein stor idealist, burde vera eit argument for det motsette. No må me konkludera med at Krohn er ein gløymd målmann og at ulovlege og uvyrdelege nedleggjingi av Krohn-legatet skal føra han lenger ned i gløymsla. Dersom Krohn verkeleg hadde vore ein mann folk hadde vyrdnad for, hadde det vore mogleg å reisa pengar til boki um han frå anna hald enn gjenom å øyda hans eige legat.

Jerdal stadfester det eg skriv: at Krohn-legatet er tømt, men noko argument kjem han ikkje med. Derimot held han fram med å driva ordkløyving. Eg umtala Krohn-legatet som bergensk kulturarv, ikkje som den bergenske kulturarven, slik som Jerdal fær det til. Med «bergensk kulturarv» meiner eg einast at Krohn-legatet er éin bergensk kulturarv til liks med mangt anna. Lenger framme hev Jerdal skulda meg for å nytta umgrepet stril på ein nedsetjande måte. Eg vilde berre slå fast ei kjensgjerning i det høvet, men det kann vera at det vart for sterkt; kanskje strilenemningi ikkje er so vanleg lenger ettersom Bergens-målet breider seg ut yver umlandet sitt? Fanastrilane i laget vil kanskje helst kallast bergensarar?

Jerdal kritiserar rolla mi som bladstyrar i bladet Målmannen. I motsetnad til Vestmannen, som Jerdal samanliknar oss med, fylgjer Målmannen redaktørplakaten aktivt. Me hev opna for fleire motlegg og er opne for ordskifte. Me hev mange ulike skribentar. Målmannen er saksorientert og tek avstand frå skjellsordbruken som ein kann finna i Vestmannen.

Jerdal lovprisar Norsk Bokreidingslag som hev til fyremål å gjeva ut bøker på klassisk norsk.

Det er verdt å merkja seg korleis Jerdal hev operert i høve til dette forlaget. I fleire høve hev Jerdal fungert som forlagskonsulent for manus frå Jostein Krokvik. Krokvik hev prenta rosande umtalar av bøkene i Vestmannen skrivne av Ludvig Jerdal, og han hev sett inn store lysingar for dei same bøkene med lovord og bilete av han sjølv. Det hev, so langt eg kjenner til, ikkje hendt at Vestmannen hev havt eksterne bokmeldarar til bokreidingslagsbøkene. Det vilde vel vera for risikabelt, av di nokon kunde koma til å kritisera eller peika på mindre heldige sidor ved bøkene.

Etter dei tilbodi me kjenner frå prenteverket, skal Krohn-boki ha kosta kring 200.000 kronor.

I tillegg til Krohn-legatet hev Fritz Monrad Walles fond løyvt ein liten sum. Men kven hev dekt dei resterande 100.000 kronone? Det hev me ikkje høyrt noko um. Men me fær vona at det var nokon, for bøkene til Norsk Bokreidingslag sel so dårleg at dei alltid må vera fullfinansierte og helst yverfinansierte.

Når ein ser på korleis den sitjande stjorni i Vestmannalaget steller med legatet til skiparen av laget, må ein undra seg yver korleis ettermæle yver andre vestmenn vil verta. Heidersord og heidersnemningar fær me høyra jamt og samt, men det er ein heider i namnet og ikkje i gagnet.