Eg høyrde um 120 millionar kroner som var innsamla i årets TV-akson. Men no vil nok sumen auka til det dubbelte. For mange ikkje heimeverande fekk ein setel frå Bøssebæreren festa på postkassa og jamvel på inngangsdøri. I bygningar med mange husstandar vart det mange. Og sume lappar vart ståande i nokre dagar, so alle kunde sjå at den som bur der ikkje var heime sundag.

Men innsamlarane visste råd. Dei som ikkje var heime skal få ein sjanse. Brevlappen opnar med «Hei!». Og her er ordlyden:

«Hei!» Jeg var her for å be om din støtte til årets TV-aksjon 2001. Dessverre var det ingen hjemme. Jeg håper du likevel vil støtte TV-aksjonen 2001 ved å ringe vår givertelefon 820 43 033. Du vil da gi et bidrag på kr 100 som blir belastet din telefonregning. Hilsen bøssebæreren»

Dette er ei ny oppfinning. Og uppfinningi peikar nærast på at dette med innsamling ikkje lenger er ei friviljug sak. Mest som med skatten som me hev ifrå fyrr. No skal givartelefonen brukast, og so plussar dei telefonrekningi med 100 kr. Det er billeg i ein inflasjonstid. Neste år, med ny regjering og mangt anna, kan det verta 1000 kr. Eg tykkjer at NRK TV-aksjonen 2001 og Kirkens Nødhjelp og «bøssebæreren» burde skjemmast yver å hengja plakatar på dører og postkassar til folk, plakatar som i sume tilfelle vert hangande i mange dagar, fordi mottakaern beint fram er burtteist.

Skal dette ekstrapresset verta årleg heretter? Vil den ansvarlege svara på spørsmålet?