— Ideelt sett burde fordelinga geografisk vore betre, også aldersmessig, lyder kommentaren frå adminisstrerande direktør Johannes Kolnes i Helse Fonna, som geografisk dekkjer sjukehusområda Stord, Odda og Haugesund.

Den einaste utan adresse Haugesund eller Karmøy i den nye leiarkabalen er personalleiar Helga Onarheim Stautland (46), i dag sjefsjukepleiar på Stord sjukehus.

Helse Fonna - underlagt Helse Vest - har tilsett direktørar for ni av klinikkane og einingane som har vore lyst ledige etter omorganiseringa som er vedteken å gjelda frå 1. september i år. Direktør Kolnes seier seg nøgd med kjønnsfordeling og yrkesbakgrunn for dei nye avdelingsleiarane, som i tillegg til Stautland Onarheim er:

Kari Ugland (47), kirurgisk klinikk, Kjellfrid Laugaland (56), medisinsk klinikk, Rita Kolvik (53), kvinne/barn-klinikk, Anne Lise Kvalevaag (47), psykiatrisk klinikk, Arvid Grimstvedt (46), pasientsentral, Thomas Jonsson (48), pasientservice, Ingerid Paulsen (53), klinikk for akuttmedisin, og Leif Johan Røthe (44), internservice.