Det må såleis vera lov å stille spørsmål ved rapportens faglege verdi. I innleiinga heiter det at rapporten er skriven så kort tid etter prosessen fann stad, at somme kapittel må tolkast med varsemd. Dette gjeld særleg innhaldsanalysen og lyttarstatistikken, som enkelte vil hevda er rapportens viktigaste delar. I tillegg er det eit problem at lyttarane og sjåarane til NRK ikkje har fått uttala seg i høve til samanslåinga.

No får me håpa at dei ansvarlege politikarane tek seg betre tid til å handsama desse spørsmåla enn det NRK-leiinga har gjort. For på Marienlyst kan det verka som om avgjerda allereie er tatt. Jamvel i budsjettet for 2003 er det rekna med økonomisk vinst av dei omstridde omorganiseringane. Kringkastingssjef John G. Bernander uttaler i Dagens Næringsliv 5. desember at rapporten viser at samanslåinga har vore ein suksess. Dette på trass at dei tilsette sine organisasjonar uttrykkjer misnøye med samanslåingsprosessen som dei hevdar har vore udemokratisk, og som har påført dei større arbeidspress og skapt frustrasjon på arbeidsplassen.

Bakgrunnen for samanslåingane var kravet om innsparing i Distrikts— og nyhendedivisjonen og eit ønske om å frigjera ressursar til journalistikk. Rapporten konkluderer med at det er vanskeleg å talfeste den økonomiske og journalistiske vinsten av samanslåinga. Tek ein dette i mente må ein i alle fall kunne tala om ein måteleg suksess.

Kringkastingsringen er skeptisk til samanslåingane fordi dei vil svekkja den lokale forankringa NRK har i store delar av Distrikts-Noreg. Me veit at distriktskontora har mykje å seia for nynorsk og dialektbruk rundt om i landet. I tillegg har dei mykje å seia for rekruttering av journalistar til sentrale stillingar i media. Me ønskjer ikkje å kritisera dei tilsette for det arbeidet dei har gjort på føre- og etterhand av samanslåinga. Dei gjer det beste ut frå dei ressursane dei rår over.

Me vil derimot stilla spørsmål ved om NRK-leiinga har tatt på alvor det ansvaret dei har som allmennkringkastar for det språklege og kulturelle mangfaldet i Noreg. Når NRK-leiinga ikkje kan dokumentera at tiltaka har frigjeve ressursar til journalistiske oppgåver, er det underleg at dei held fram i same lei.

Me har tidlegare gjeve kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland ros for at ho våga å gripe inn i samanslåingsprosessen. Me håpar at ho også no står fast ved at distriktskontora skal oppretthaldast. I rapporten er det iallfall ikkje noko nytt som skulle gjera det nødvendig å endra meining.

Av Unn Aarrestad, styreleiar i Kringkastingsringen