TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Mannen har fått store brotskader, men etter det Bergens Tidendes nettutgåve forstår, skal det ikkje vere fare for livet.

Føraren av lastebilen slapp frå den dramatiske ulukka utan større skader. Han vart likevel med i helikopteret til Haukeland.

Det var i halv tolv-tida måndag føremiddag at lastebilen køyrde utfor på veg ned det bratte Låvisberget på veg mot Aurland. Lastebilen for utfor vegen og rett ned 25 meter.

— Dei to har hatt utruleg flaks, seier lensmannsbetjent Marianne Aanensen i Aurland.

I det bratte terrenget vart redningsoperasjonen svært vanskeleg. Bergingsmannskapa måtte bruke helikopter for å ta den hardast skadde opp att i vegen.

Lastebilen var på veg nedover mot Aurland då ulukka skjedde. Bremsevikt er truleg årsaka til ulukka.