Av Torbjørn Dagestad jr.,prosjektleiar for Hardangerregisteret

Hardangerregisteret er ein ny modell for tinglysing av rettar i fast eigedom. Den berande tanken er at tinglysing er til for brukarane, og ikkje for forvaltarane.

Storbrukarar, som bankar og finansieringsinstitusjonar, er involverte i over 80 prosent av alle rettstiftingar i fast eigedom kvart år, og er samstundes den klart største brukargruppa av tinglysingsdata.

Hardangerregisteret vil nytta det store filialnettet til slike aktørar som lokale tinglysingsekspeditørar. På denne måten vil publikum kunna tinglysa ein rett ved personleg frammøte over 2000 stader i heile Noreg, samstundes som profesjonelle aktørar får høve til direkte dialog med registereininga.

Den lokale bankfilialen vil overføra dokumentet elektronisk, etter å ha ekstrahert data som skal førast inn i Grunnboka til standardiserte skjema. Også utskrift av Grunnboka og kopi av eldre tinglyste dokument, vil kunna tingast hjå den lokale ekspeditøren. Det siste kan gjerast då gjenpartarkivet, som Helge Onsrud hevdar «omfatter over to kilometer hylleplass», vart mikrofilma av Statsarkivet for ti år sidan.

Hardangerregisteret har utvikla ein metode for dette som er svært enkel og juridisk sikker. Det kan nemnast at mange forsikringsselskap i dag nyttar ein tilsvarande metode.

Metoden fører til effektiv informasjonsflyt, og kontroll av data mot andre offentlege register. Dette aukar det positive truverdet til Grunnboka, og gjer at rettar i fast eigedom kan få prioritet etter klokkeslett, mot datoprioritet i dag.

Hardangerregisteret har utvikla eit realiseringsprogram, som gjer det nye registeret eineansvarleg for Grunnboka på tre og eit halvt år.

Det desentrale elementet ved modellen gjer at den lokale rådgjevande tinglysingskompetansen vert verande i distrikta, samstundes som eit juridisk tinglysingsfagleg miljø vert etablert sentralt.

Hardangerregionen har nytta mykje tid og ressursar på å utvikla Hardangerregisteret. Alle tekniske og juridiske løysingar er fullt ut kvalitetssikra.

Etter dette vert det noko uklart på kva grunnlag Onsrud tuftar sine påstandar om redusert ålment tilgjenge, urealisme, kopiering av Brønnøysundregistra og trong for 200 årsverk i ein etableringsfase.

Onsrud nyttar trongen for samordning av fysiske og juridiske eigedomsdata som argument for at Statens kartverk bør ta over tinglysing av rettar i fast eigedom. Samordna informasjonsavgjeving av fysiske og juridiske data, eksisterer allereie gjennom EDR2, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens kartverk og Norsk Eiendomsinformasjon AS. Tenesta er tilgjengeleg for ålmenta over internett.

Det er stor skildnad på fysiske data og juridiske rettar. Med sitt innlegg i BT, synleggjer seniorrådgjevar Helge Onsrud at Statens kartverk ikkje har kompetanse til å overta tinglysinga i framtida.