Hardangerpakka skal brukast til å forskottere pengar til vegprosjekt som kan realiserast innan kort tid. Det manglar ikkje døme på slike. For Odda sitt vedkomande kan vi nemne Oddadalen, Odda sentrum, fleire prosjekt på begge sider av Sørfjorden og Jondalstunnelen. I dei andre Hardangerkommunane står og prosjekta i kø.

Odda Venstre stiller seg bak føreslaget utan atterhald.

Hordaland fylke har 115 millionar kroner daud kapital ståande i det såkalla Hardangerbrufondet. I den seinare tida har vi òg sett at fondet har tapt pengar grunna uheldige plasseringar. Pengane er oppsamla av konsesjonskraftmidlar, som stammar hovudsakleg frå Odda og Eidfjord. Det er høgst usikkert om Hardangerbrua blir bygd. Stortinget sa nei i 1996, og ho er ikkje med i nasjonal transportplan fram til 2015.

Tempoet i vegbygging og rassikring i Hardanger har vore svært lågt. Dette skuldast i stor grad at Hordaland fylke ikkje har prioritert andre riksvegprosjekt enn Hardangerbrua i Hardanger. Dei fleste utbetringane som har kome dei seinare åra skuldast ekstra rassikringsmidlar frå staten.

Hardangerrådet har i ein uttale nyleg bede Stortinget om å gje pengar frå oljefondet til ekstra løyvingar til vegbygging i Hardanger. Ei rekkje stortingspolitikarar frå fleire parti uttrykkjer at det er ein svært lunken haldning i Stortinget til det stadige kravet om ekstra pengar frå Hordaland, når fylket sjølv prioriterer som det gjer.

Venstre vil leggje millionane frå Hardangerbrufondet i Hardangerpakka. Vi utfordrar så Stortinget til å bidra med eit liknande beløp. Slik kunne Hardangerpakka få ein storleik som monnar for å sette fart i Hardanger.

Venstre sitt forslag er ikkje eit spørsmål om å vere for eller mot Hardangerbrua. Når Stortinget avviste Hardangerbrua i 1996 var det ikkje økonomi, men miljøomsyn som var grunnen. I tillegg blei RV 13 i vår vedteken omgjort til stamveg. På stamvegstrekningar er det staten som skal betale all utbygging (jfr. Lærdalstunnelen).

Hardangerbrufondet vil derfor ikkje vere avgjerande for om Stortinget ein gong skulle vedta å byggje brua, men det er ikkje fleirtal i Stortinget for dette i denne stortingsperioden. Fleire av kommunane, mellom anna Bergen, har alt teke ut pengane sine frå fondet, men vil setje dei inn att om brua blir vedteken bygd. Det same kan fylket gjere.

Eg meiner ikkje å blande meg i andre sine saker eller å såre nokon, men kanskje er tida inne for å tenkje annleis om vegbygging i Ullensvang, Eidfjord, Granvin og Ulvik. Eg trur ideen om Hardangerbrua vil verke meir fornuftig om ein først får miljøtunnelane over Hardangervidda på plass.

Men ein kan òg tenkje heilt annleis. Tida kan vere inne for å pusse støv av dei gamle planane om tunnelar mellom Ulvik og Eidfjord. Denne løysinga vil gje eit ferjefritt samband, og knytte kommunesentra i Granvin, Ulvik og Eidfjord saman med nokon minuttars køyretid mellom kvar. Ei slik løysing vil betre fange opp Ulvik sine behov, og vil truleg bli monaleg billigare enn Hardangerbrua.

Folketalet i Hardanger søkk stadig. Venstre sitt forslag er ein konstruktiv idé for å få fart i Hardanger no. Til no er det berre SV og RV som støttar forslaget, men eg håpar likevel dei andre partia i fylket etter kvart vil sjå fornufta i ideen.

Det kan umogeleg vere ein god politikk å ha 115 millionar ståande ubrukt, mens Hardanger «døyr på rot». 15. september har de alle ein unik sjanse til å sei kva de synest om forslaget. Bruk stemmeretten.

Inge Børslien, ordførarkandidat Odda (V)