JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.noDette er konklusjonen til Magnar Lussand når han studerer trafikktala for Bruravik-Brimnes. Styreformannen i Hardangerbrua AS gled seg over at talet på bilar steig med 33 prosent i januar 2001 samanlikna med januar 2000. I februar var auken ni prosent, men i mars kom auken opp i 28 prosent.Så langt tala frå april er kjende, syner dei derimot ein liten nedgang. No er det verdt å minna om at trafikktala på Bruravik-Brimnes i fjor vart påverka av ein særs streng vinter på Hardangervidda, med til saman 34 dagar stengetid. Trafikk frå Indre Sogn På den andre sida var otten stor for at Lærdalstunnelen, med ein meir stabil vinterveg aust-vest, ville stela trafikk frå Hardangerfjorden. — Så langt ser det heller ut til at Lærdalstunnelen har fleire fordelar enn ulemper for ei framtidig Hardangerbru, som i stor grad må betalast med bompengar. Det verkar som om Lærdalstunnelen har skapt trafikk frå indre Sogn over Hardanger mot Rogaland, seier Magnar Lussand.- Eg trur det er rett, men vi har ikkje sikker kunnskap om det, seier vegsjef Ole Chr. Torpp.Han er trygg på at fylkestinget i juni vil stadfesta Hardangerbrua sin plass på toppen av prioriteringslista over riksveganlegg i Hordaland fylke. Turistar vil ha ferje Samstundes innser han at Hardangerbrua knapt kan prioriterast med riksvegmidlar, 150 millionar, før 2005/2006. Grunnen er at dei oppdaterte planane for brua må lagast etter plan- og bygningslova. Det medfører at bruprosjektet krev konsekvensutgreiing.- Dermed går to år tapt, seier styreformannen.- Lussand og mange andre veginteresserte var i går deltakarar på ein samferdslekonferanse på Voss om Fjordvegen; det vil seia Rv. 13, som er den indre sambindingsvegen på Vestlandet, med endepunkt i Sunnfjord og i Sandnes ved Stavanger. I Hardanger er reiselivet opptekne av å få bru så snart som mogleg. Forskar Ragnar Norgreen ved Høgskulen på Lillehammer kasta stein gjennom ruta ved å visa til ei spørjeundersøking frå 2000. Den syner at utanlandske turistar heller ville nyta ferjene og oppleva ein fjord utan eit gigantisk byggverk tvers over. Stavanger-Røldal-Oslo På konferansen vart det også minna om eit anna kritisk punkt på Rv. 13, nemleg Bratlandsdalen, frå Røldal til Rogaland grense. Rogaland arbeider med planar om tunnel frå Stavanger til Tau, Ryfastsambandet. Når det står ferdig, vil kortaste vegen frå Stavanger til Oslo vera Rv. 13 via Ryfylke til Røldal og vidare på E 134 over Haukeli. Då vil det verta eit press på Hordaland for å prioritera ny veg gjennom Bratlandsdalen. Støtte frå Rogaland - Hordaland har så langt ikkje brydd seg om dette i det heile. Men når fylket går så sterkt inn for å få Hardangerbrua fyrst, så meiner eg at vi må støtta dei i dette. For alt som er godt for Rv. 13 er også godt for Ryfylke, seier fylkesordføraren i Rogaland, Roald Bergsaker. - Men etter Hardangerbrua ventar vi at Bratlandsdalen vert prioritert, legg han til.