Dette for at plangrunnlaget for prosjektet skal vera oppdatert når NTP skal rullerast i 2004. Dette er i samsvar med punkt 9 i fylkestinget sitt vedtak i juni 2001.

Det undrar meg at det framleis er slik at straks Hardangerbrua er tema anten i fylkestinget eller i Stortinget, vaknar ein del debattantar i Odda til dåd.

Transportøkonomisk institutt (TØI) har laga ein ny nyttekostnadsanalyse av Hardangerbrua, som ut frå dei føresetnadar instituttet har rekna på, syner at prosjektet er samfunnsøkono-misk lønsamt. Dette ser ut til å provosera, TØI har svara på denne debatten, så det tek eg ikkje opp her. At Opinion har laga ei meiningsmåling som viser at folkemeininga både i Bergen, i Indre Hordaland og i resten av Hordaland viser klåre fleirtal for brua, vekkjer enno fleire til meiningsytringar.

At folk har meiningar er bra, og det å få gjeva uttrykk for meininga si er ein av dei viktigaste rettar ein har i eit demokrati. At synspunkta mot Hardangerbrua kjem til uttrykk oftast i Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis, er noko resten av hardingane har lært seg å leva med. Det som undrar meg er at dei fleste av desse bidrags-ytarane har eit svært avgrensa syn på kva som gagnar samferdsla i Hordaland generelt og Hardanger spesielt. Dei ser det også som si oppgåve å halda liv i ei tenkt/ynskt konflikt mellom Hardangerbrua og Jondalstunnelen. Til desse kan eg berre gje følgjande trøyst: Styret i Hardangerbrua har aldri ytra seg negativt om Jondalstunnelen, korkje i skrift eller tale. Vi stiller det same kravet til tunnelen som til brua, at prosjekta er tufta på realistiske kostnads-, trafikk— og finansieringstal.

Eg etterlyser litt større vidsyn i samferdselsspørsmål frå debattantane lengst inne i Sørfjorden. Det må vera rimeleg å venta at samfunnsengasjerte menneske har syn for samferdselstiltak som gagnar fylket som heilskap og ikkje berre ein liten del av det. Det kunne elles vera ein god nyttårslovnad å byrja å øva seg på dette. Eg kan gje nokre døme på eit litt vidare synsfelt.

Underteikna som er styreleiar i Hardangerbrua A/S, er og fylkesvald medlem i styret for A/S Haukelivegen. Motsetnadsfylt? Nei det opplevast ikkje slik. E-134/Haukelivegen er ein svært viktig stamveg for fylket vårt, og det er ei utfordrande oppgåve å få vera med å syta for at også denne vegen får naudsynte løyvingar til opprusting.

Underteikna var, saman med dåverande fylkesvaraordførar Øyvind Halleraker, sterkt med-verkande til at fylkeskommunen prioriterte konsesjonskraftinntekter til delfinansiering av bompengeprosjektet i Rulle-stadjuvet (nokså uvanleg at ein fylkeskommune yter av eigne midlar til eit Europaveg-prosjekt), tilskot til utbetring av vegen Mauranger-Løfallstrand og 3 millionar kr av konsesjons-kraftinntektene 2000-2010 til VIM Tyssedal. Fylkestinget stadfesta også ved dette høvet prioriteringa av Hardangerbrua ved å avsetja 70 prosent av kon-sesjonskraftinntektene i perio-den 2000ý2010 til prosjektet.

I samband med handsaminga av handlingsprogrammet til NTP låg det mange høve til interne konfliktar i fylket generelt og Hardanger spesielt. Under-teikna var sterkt medverkande til at det vart funne 125 millionar til brua utan at det gjekk ut over Syreflot-Velure. Det vart også funne midlar til oppstart på Rv 13 Oaldskår-Skjelvik. Likeins fann ein rom for 25 millionar til omlegging av Rv 13 Skjervet i perioden 2006-2011. Løysinga for å finna denne semja låg i at 25 millionar av den løyvinga brua har trong for, vart utsett til perioden etter 2011. Ei løyving til Rv 13 Brattlandsdalen vart også skjerma. Hadde alle vore ein-øygde i ein slik prosess, ville det vore uråd å finne fram til ei samlande fråsegn som tener fyl-ket sine samla interesser.

I min visjon for ei god samfunnsutvikling i Hordaland og Hardanger ligg det såleis også ei opprusting av vegnettet i regionen. Dette kan vi makta om vi står saman. Maktar vi ikkje det, og hardingane skal halda fram med sin lokale krig, kan lett midlane hamna andre stader. Røynsler så langt kan tyda på det. Mi oppmoding er: «Er her hardingar, so hald saman!»