Fylkestinget har peikt på Hardangerbrua som det høgast prioriterte riksvegprosjektet i Hordaland, og bede Statens Vegvesen om å setje i gang nødvendig arbeid med å oppdatere planane for prosjektet. Fylkestinget omprioriterte i juni midlar til Hardangerbrua, og gjorde vedtak som legg til rette for at brua kan byggjast i perioden fram mot 2011.

Regjeringa sitt svar på dette er at ein går inn for at vegkontoret sitt handlingsprogram (utan Hardangerbrua) for 2002-2005 vert lagt til grunn, ikkje fylkeskommunen sitt innspel. Det står også at «eventuell prioritering av Hardangerbrua vil bli vurdert i samband med revisjon av Nasjonal Transportplan for perioden 2006-2015». Med dette seier Arbeidarpartiet at saka skal kostas under teppet, og ikkje eventuelt prioriterast før om mange år. At Arne Jakobsen, Ap sin samferdslepolitiske talsmann i Hordaland, freistar å framstille statsbudsjettet som eit gjennombrot for Hardangerbrua, er difor ei gåte.

Ei så lang utsetjing av vurderinga av den høgast prioriterte vegsaka for Hordaland, viser kva regjeringa har å tilby regionen. Det er lang avstand mellom det lokale representantar fortel på bygdemøte, og det partiet gjer i faktiske vedtak. Statsbudsjettet seier mellom linene at med Arbeiderpartiet i regjering vert det ikkje bygd Hardangerbrua. Høgre sine representantar frå Hordaland vil arbeide for at Hardangerbrua får høg prioritet, og vert gjennomført i samsvar med fylket sine ynskjer. Me oppmodar også resten av hordalandsbenken, og Ap spesielt, til å gjere det same.

TORBJØRN HANSEN, STORTINGSREPRESENTANT HØGRE