Av Edmund Harris Utne,4. generasjon Hotel Ullensvang

Det er skræmande at ein forskar som Ragnar Nordgreen kan gjera seg til talsmann for turistane sine ynskje som han gjer, når me med fleire hundre tusen gjester gjennom tidene om att og om att vert fronta med Hardanger sin utilgjengelegheit som ein av grunnane til at fleire ikkje kjem til oss. (ref.: BT 22.11.02, ved forskar Ragnar Nordgreen, Høgskolen — Lillehammer).

Sjølv utan Hardangerbru er antal tyskarar på nedtur, Hardanger er vanskeleg å koma til. Hollandarar har me sett få eller ingen av dei siste 15 åra.

Den største marknaden hjå oss er derimot Japan.

Her har bilete av Hardangerbrua gitt svært positive reaksjonar, med sightseeing-tur til brustaden under opphaldet. Utflukt til Hardangerbru-staden har i fleire høve gitt to dagars opphald av japanarar, noko som er heller sjeldant. Den same positive reaksjonen på Hardangerbrua har me på den koreanske marknaden, som er den 5. største marknaden hjå oss.

Brosjyrer om Hardangerbru gir positive utslag på turar til Hardanger.

Dette er alle marknader som kjem, og som erstattar tyskarar og hollendarar, som trass i at me enno ikkje har fått Hardangerbru, (ref. forskar Ragnar Nordgreen), vert borte. Amerikanarar, sør-amerikanarar, sør-afrikanarar skyr ferjer og freistar unngå turar der dei finst.

Hardangerbrua vil verta ei smykke i norsk natur, seier tyskarane til meg når eg spør om dei meiner Hardangerbrua vil svekka Hardanger som reisemål.

Bussgrupper, og andre, torer i mange høve ikkje forlata buss/bil på ferja då dei er redde for ikkje å finna attende. Usikkerheita om ikkje å nå fram i tide gjer rundturar med ferje inkludert, mindre attraktive.

Med 50 prosent norsk trafikk kan ein sei at desse 50 prosent om vinter, vår, sumar som haust,«hatar» ferjer.

Med det aller verste med Hardanger sitt ferjetilverde er at hardingarne flytter frå, grunna tungvint tilgjenge.

Og utan hardingar vert det dårleg med Hardanger som reisemål. Det er nemleg det som held på å skje og som motstandarar av Hardangerbrua må ta på seg ansvar for når folketalet om ikkje lenge ikkje vil synast på statistikken lenger. For overalt gir bru positiv framtid. (Ref. forskar Kjetil Sørlie, NIBR, Norsk institutt for by- og regionforskning.)

Etter 157 års drift og som 4. generasjon vertskap på Hotel Ullensvang skulle ein tru ein hadde noko å fara med når det gjeld reiseliv, turisme i Hardanger, og samferdsel.

Gi oss Hardangerbru, og me skal klara oss sjølve.