OLAV GARVIK

Dette er det klare inntrykket som sit att etter at ordførarane i Odda, Kvam og Ullensvang drøfta problema i Hardanger med den politiske leiinga i departementet.Sjølv om den akutte krisa i Ålvik krev hastetiltak, peika alle ordførarane på at det er grunnleggjande problem som må løysast i samband med at folketalet går ned og viktige arbeidsplassar forsvinn eller er i fare.Det kan bli aktuelt å få status som omstillingskommunar, slik Odda har greidd det, og dermed få visse statlege ytingar når ein skal freista å få i gang ny næringsverksemd. Toralv Mikkelsen (Odda), Martin Vik (Kvam) og Einar Lutro (Ullensvang) hadde med seg fylkesordførar Gisle Handeland som ekstra støttespelar då dei møtte statssekretærane.

— Eg er ikkje i tvil om at Kommunaldepartementet sine toppfolk skjønar alvoret, seier Martin Vik.

Han ser gode sjansar nye arbeidsplassar som er knytte til gjenvinning, aquakultur og vedlikehold i Ålvik-regionen. Dessutan må styrkja og utvida reiselivsnæringa.