Eit interkommunalt samarbeid basert på kommunesenter tett samanknytte med breiband, står for døra i Hardanger og Kvinnherad.

På sakskartet

Saka står på den politiske dagsorden i alle kommunane, med positiv tilråding frå sakshandsamar, som i fleire høve er ordføraren sjølv.

At to eller fleire kommunar slår seg saman, eller at kommunegrenser vert justerte, kan framleis vera aktuelt, men det ein no primært satsar på, er samarbeid over kommunegrensene.

Modellen har dei funne på Jylland i Danmark. Der har Tørring-Uldum, Hedenstad og Juelsminde samla det administrative apparatet i dei tre kommunane i eit IT-nettverk, medan det politiske nivået i kvar kommune er uendra.

Kamp om arbeidsplassar

Målet er å halda fast på verdiane i det lokale sjølvstyret, men likevel auka effektiviteten og betra kvaliteten på tenestetilbodet til innbyggarar og næringsliv. Kvalitetar i store og små forvaltningar kan kombinerast, fagleg standard aukast og rekrutteringsproblema reduserast.

Ein kvardag med små rådhusmiljø og sårbare avdelingar skal erstattast med samarbeidande rådhus, større fagleg miljø og aktiv deltaking i kunnskapssamfunnet.

Men det finst avgrensingar.

Lang røynsle tilseier at lokalpolitikarane neppe greier å avlysa innbyrdes kamp om arbeidsplassar. Også danskane har funne ut at næringsutvikling er eit vanskeleg samarbeidsområde.

Grenselaus region

Det er område som i liten grad er politisk kontroversielle, som egnar seg best til samarbeid. Her er lista lang, frå felles toppleiing via lønsutbetaling og barnevern til vedlikehald av kloakk, vegar, hamner, parker, idrettsanlegg og kommunale bygningar.

Dersom kommunestyra sluttar seg til idéen, vert det truleg sett i gang eit utgreiingsarbeid med utgangspunkt i ei ein «grenselaus» region som består av dei åtte kommunane Eidfjord, Ullensvang, Odda, Kvinnherad, Jondal, Ulvik, Granvin og Kvam. Sistnemnde melde seg på sist, og sonderer også eit samarbeid med Fusa og Samnanger.

Voss lite aktuelt

Skulle det likevel enda med kommunesamanslåing, tilseier ikkje utgreiingane nødvendigvis at Ullensvang må delast langsetter Sørfjorden – så lenge eit tenleg ferjesamband kan oppretthaldast mellom Utne og Kinsarvik. Elles ser ein det ikkje som unaturleg med ein kommune for Folgefonnshalvøya og ein for Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Desse fire kommunane er på mange felt svært like kvarandre og dei har lite til felles med Voss og Odda. Difor er det mindre attraktivt at Granvin og Ulvik går til Voss, Eidfjord og Ullensvang til Odda.

Færre folk

Av utgreiinga går det fram at Hardanger og Kvinnherad utgjer halvparten av landarealet i Hordaland fylke, men mindre enn 6 prosent av landarealet som ligg under 300 meter over havet. I år 2000 budde 24.381 i Hardanger og 13.200 i Kvinnherad. Til saman 37.581. I 1970 var talet 2205 høgare. Dei siste 20 åra har folketalet i Hardanger minka meir enn dobbelt så mykje som Kvinnherad har auka.