Hordaland Fylkeskommune har løyvd fire millionar kroner. Det er mykje pengar når underskotet i fylket ser ut til å bli nærare 300 millionar for inneverande år. Meir er det ikkje å henta i fylket utan det kjem ekstraløyvingar frå staten.

Parolen frå statleg helsepolitikk er «pasienten først», men det vi opplever i praksis er «pengane først». Stortinget har vedteke mange gode ordningar for pasientane, som til dømes behandlingsgaranti. Men når dei finansielle ordningane for sjukehusa er så utilstrekkelege og udifferensierte som dei er, har alle trøbbel med økonomien og endar opp med raude tal. Det samla underskotet på somatiske sjukehus i Hordaland syner 184 millionar for inneverande år. Det er klart at dette ikkje er vanstyre frå dei enkelte sjukehusa. Dette er eit generelt problem for dei aller fleste sjukehus. Her er det stortingsfolka som ikkje har gjort jobben sin med å gje rammebetingelsar for sjukehusa som gjer at dei får betalt for dei tenester dei utfører for pasientane. Dette burde dei stått til ansvar for i mykje større grad enn dei gjer.

Situasjonen vi er komne i er ein vilja situsajon frå staten si side for å tvinga sjukehusa over til staten. Det er rett og slett inga anna løysing. Helseministeren skal frå nyttår sitja med det fulle og heile ansvar for sjukehusa i Norge, og KrF i Hordaland ynskjer han lykke til! Er representantane i det nye Stortinget like slappe i den økonomiske handteringa som dei har vore til no, skal det bli tøft å vera helseminister, i alle fall dersom pasienten skal koma først. Så langt har sjukdom ikkje vore samfunnsøkonomisk lønsamt, og det vil aldri verta det.

Diakonissehjemmets sykehus treng hjelp no. Dei har vore flinke i mange år og brukt opp alle private reservar på offentleg tenesteproduksjon. Ingen er tent med at to avdelingar vert lagt ned og 1500 operasjonar vert strokne. Med fritt sjukehusval kan alle pasientar som er klargjorde for behandling bruka behandlingsgarantien sin og velja sjukehus i heile landet. Det vil bli dyrt for fylket! Heile helsevesenet hadde kollapsa dersom alle pasientar med brot på behandlingsgarantien hadde gjort sine krav gjeldande i rettssystemet.

Sjølv om nasjonalbudsjettet er revidert for i år må regjeringa koma på banen med ekstraløyvingar til sjukehusa. Dette går ikkje lenger skal vi ha ei truverdig helsetenesta her i landet. Eg oppmodar statsråd Tønne til å koma med ekstraløyvingar til sjukehusa, slik at dei unngår nedskjæringar i behandlingstilbodet. Sjukehusa treng anstendige arbeidsvilkår også det siste halvåret før staten tek over, og ministeren får heile milliardansvaret sjølv.

TORILL SELSVOLD NYBORG,KRFS GRUPPELEIARHORDALAND FYLKESTING