PER MARIFJÆREN

ROY HILMAR SVENDSEN

I første omgang ville politiet kun opplyse at tjuvane fekk med seg meir en hundre tusen kroner. Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, er det i realiteten tale om godt over ein halv million kroner.

Fleire har tilstått

Ein av dei fire mennene i 30-årsalderen er heimehøyrande i Askvoll, og skal ha fungert som ein slags kjentmann for dei tre andre sikta i saka.

Under eit frekt innbrot stal dei fire heile den oppsparte formuen til 65-årige Tjønneland, etter det Bergens Tidende forstår mellom ein halv og ein million kroner.

Det var seint tirsdag kveld og natt at politiet slo til mot dei fire mennene, etter at ein grå Mitsubishi personbil var etterlyst i samband med det frekke tjuveriet. Pengar frå innbrotet kom i går til rette både i Askvoll og i Nordfjord, der dei tre utanbygds sikta kjem frå.

— Fleire av dei sikta har no erkjent å ha vore med på innbrotet, opplyste politiadvokat Ronny Iden i går ettermiddag.

— Vi har no talt opp dei pengane som er komne til rette, og det er opp mot 900.000 kroner, seier Iden.

Tjuvane tok seg inn i Tjønnelands hus medan han var ute eit ærend, braut opp eit pengeskap og stakk av med ungkarens surt oppsparte midlar.

Tilrår banken

— Oppklaringa kjem av ein kombinasjon av tips frå publikum, god lokalkunnskap og godt politiarbeid, seier Iden.

— Den av dei sikta med lokal tilknytning kunne setjast i samband med den grå Mitsubishi personbilen som var etterlyst, og dermed hadde vi noko å gå på.

Det var denne mannen som først valde å legge korta på bordet, og det var også hjå han at dei første pengane frå innbrotet kom til rette. Dei sikta skal ha delt utbytet mellom seg, og seinare har politiet også funne pengar i tilknyting til dei øvrige tre sikta.

Tre av dei fire pågripne vart sett fri i går kveld, medan den siste vart sendt rett i fengsel for å sone ferdig ein annan dom.

Lensmann i Askvoll, Oddvar Indrebø, var i går i kontakt med ein letta Harald Tjønneland. Han kan no få tilbak sine surt oppsparte sparepengar som han hadde liggande i eit brannsikkert skap heime.

No håpar lensmannen at Tjønneland gjer som politiet rår alle med oppsparte midlar til: Å setje pengane i banken, anten på konto eller i bankboks.