Kraftkommunen til ordførar Aksel Kloster har hatt smertelege erfaringar med å prøva å gjera arvesølvet til ein gullkalv i aksjemarknaden. Grunnkapitalen står stort sett urokka på vel 300 millionar kroner.

Men med unnatak av 1999 har utbytet vore elendig etter at Kvinnherad kommune selte aksjane sine i Sunnhordland Kraftlag (SKL) til BKK i 1996, laga kraftfond og gjekk på børs. Det kommunen no ser som null i avkastning frå fondet, kunne vore mange tital millionar kroner i aksjonærutbyte dersom Kvinnherad hadde blitt verande i lukrative SKL, eller mange tital millionar kroner i renteavkastning dersom pengane blei plasserte i banken.

Feil strategi

Dette skjer i ein kommune som meir enn andre hadde hatt bruk for pengar til vedtekne investeringar i eldreomsorga (nær 150 millionar kroner), til å dekkja oppsamla underskot (25 millionar kroner) og tap på engasjement i lokalt næringsliv.

Rådmann Trond Sætereng vedgår at Kvinnherad har valt feil strategi i forhold til finansmarknaden. Derfor inviterer han no politikarane til å vri pengeplasseringane meir mot bank, og til å engasjera meir enn eitt selskap til å forvalta kraftfondet.

— I etterpåklokskapens lys ser vi at vi hadde unngått tap ved å gå heilt ut av aksjemarknaden, seier Sætereng.

I økonomiplanen har kommunen rekna med 13 millionar kroner i utbyte frå kraftfondet neste år. Det kan Kvinnherad berre sjå langt etter. I fjor gav fondet eit overskot på ein halv million kroner, og det skjedde fordi rundt halvparten av midlane er plasserte i obligasjonsmarknaden. Ingen reknar med avkastning korkje for 2001 eller 2002.

Underkjent

Kvinnherad kommunestyre oppretta 30.desember 1996 Stiftinga Kvinnherad kommune sitt kraftfond etter at SKL-aksjane var selde til BKK for 317 millionar kroner.

Stiftinga er enno ikkje godkjent av fylkesmannen, ettersom kommunestyret utgjer styret i stiftinga og sit og løyver pengar til "seg sjølv", det vil seia den kommunale drifta.

Stiftinga fekk ein grunnkapital på 290 millionar kroner som ikkje skal rørast. Grunnkapitalen skal aukast i takt med indeksen. Men det dårlege 2000-resultatet har tært på fondet. Grunnkapitalen skulle vore på 319,8 millionar kroner, men er reelt 8,3 millionar kroner lågare.

Etter ein tilbodsrunde sette kommunen fondsforvaltninga bort til Storebrand Kapitalforvaltning. I fjor var det nok ein tilbodsrunde som Storebrand vann. Samstundes blei det opna for at inntil 65 prosent av fondskapitalen kan investerast i aksjar. Pr. 31.juli i år hadde Storebrand plassert 10,34 prosent av fondskapitalen i norske aksjefond, 33,64 prosent i utanlandske aksjefond, 13,39 prosent i obligasjonar, 4,03 prosent i bankar, 34,27 prosent i anleggsobligasjonar, 4,33 prosent i Private Equity-aksjar.