Formuen hennar auka med vel 2,3 millioner kroner før skatt i løpet av 2002. 29-åringen frå Hålandsdalen tente gode penger på to sølvmedaljer i OL, og seks verdscupsigrar vinteren 2002. Forrige sesong heldt ho seg borte frå skiskyting, men etter at dottera Emma blei fødd i januar, jobbar ho no knallhardt for å kome tilbake i verdstoppen. Gode personlege sponsoravtalar, og forbetra inntekter gjennom skiskyttarforbundet, har ført til at ho ikkje har problem med å leve av idretten.

— Men no går det meste av det eg har med til å bygge hus, ler ho.

Har brukt karriera

Dette året har nemleg ho og ektemannen Raphael brukt tida til bygging av nytt hus heime i Fusa. No er huset nesten ferdig, slik at all energi kan nyttast til å kome tilbake i verdscuptoppen.

— Eg har valt å satse alt på idrettskarriera mi, og det eg no har spart opp er stort sett tent dei siste 12 åra. Då blir ikkje årsinntekta så stor, seier Skjelbreid Poirée som enno ikkje har skatta for det meste av formua. Den står framleis på skiskyttarforbundet sitt utøvarfond. Ho hadde ei skattbar inntekt på 267.100 kroner, og betalte 106.077 i skatt. Søstera Ann-Elen Skjelbreid nærmar seg også ein million kroner i formue.

Liv Grete Skjelbreid Poirée har eit nokså avslappa tilhøve til dei offentlege skattelistene.

— Eg bryr meg ikkje om kva andre tener, og skjøner ikkje heilt kvifor folk er så opptatt av kva eg har. Men det gjer meg ingenting at listene er offentlege, seier ho.

Skiskyttaren trur dei oppsparte midlene blir gode å ha når ho ein gong gir seg med toppidrett.

— Eg har valt å satsa alt på toppidrett, og har lukkast med det. Eg veit at det er fleire som greier å kombinere toppidrett og utdanning, men det går ikkje for meg. Eg hadde anten hatt dårleg samvet for at eg ikkje trente nok, eller dårleg samvet for at eg ikkje las nok, seier Liv Grete, som også peiker på at det er tidkrevjande nok å kombinere det å vere mor med idretten.

— Dessutan står eg der som eg sto då eg gjekk ut gymnaset: Eg anar ikkje kva eg skal utdanne meg til.

RBK-hopp for Azar

Liv Grete er ikkje den einaste lokale idrettsutøvaren som har opplevd auke i inntekt eller formue. Azar Karadas, som i går scora tre mål i U21-landskamp på si gamle heimebane, har verkeleg fått merke at det ikkje berre er ute på bana det er forskjell mellom Brann og Rosenborg. I fjor kraup inntekta til eidaren over ein million kroner. Thorstein Helstad og Raymond Kvisvik, som begge reiste til Austria Wien for å drive proffspel, hadde ei nokså forskjellig likning i Norge. Helstad tente over millionen, mens Kvisvik sto oppført med ein tiandedel. Best i Brann i fjor tente likevel tidlegare trenar Teitur Thordarson med 1.171.100 kroner i skattepliktig inntekt.

Sjølv om Sogndal dei to siste sesongane har vist seg som eit betre eliteserielag enn Brann, har spelarane framleis rundt halvparten så mykje i inntekt som sine raude kollegaer i Bergen. Unntaka er Jan Halvor Halvorsen og Ousmann Nyan som begge hadde over 600.000 i inntekt, men ingen av dei var i fruktbygda forrige sesong.

Kule-Kari millionær

Det er også stor skilnad på utøvarar innan andre idrettar. Andrine Flemmen hadde ei inntekt på 290.600 kroner, og ei formue på 3.786.000 kroner som ho kan kose seg med i Stølegaten når ho ikkje er ute i verda og køyrer storslalåm. Romveninne Stina Hofgaard Nilsen hadde 153.100 i inntekt, og står utan formue.

Kulekøyrar Kari Traa kraup også over ein million i formue i fjor, og med suksess for sin nye kleskolleksjon kan det talet bli langt høgare når tala for 2003 blir lagt fram neste år.

SKISKYTTARMILLIONÆR: For Liv Grete Skjelbreid Poirée har suksessen i løype og på standplass også gitt seg betaling økonomisk I fjor hadde ho ei formue på over 2,2 millioner kroner. - Men no går det meste av det eg har med til å bygge hus, seier ho.<br/> ARKIVFOTO: VEGAR VALDE