— Vi har hatt ein markert nedgang. Noko skuldast betre kommunikasjonar på bakken. Men vi ser også at omlegginga til tre ruteområde som skjedde i samband med den siste anbodsrunden, har gitt negativ trafikkutvikling for enkelte flyplassar, seier informasjonsdirektør Martin Lohne i Widerøe.

Lærdalstunnelen Frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år er talet på reisande som løyser billett med Widerøe mellom Sogn og Fjordane og Bergen, i snitt redusert med mellom 15 og 20 prosent. - Reduksjonen er størst i Førde og Sogndal. Trafikken på rutene frå Sandane og Hovden (Ørsta/Volda) til Flesland held seg betre, kommenterer Lohne. I Sogndal heng nedgangen nøye saman med opninga av Lærdalstunnelen. - Indre Sogn fekk eit langt betre vegsamband til Bergen. Fleire vel difor eigen bil eller buss. Nedgangen merka vi straks tunnelen opna, og var for så vidt noko vi hadde venta, konkluderer informasjonsdirektøren.

For dårlege ruter I Førde meiner flyselskapet at eit for dårleg rutetilbod har gjort flyreiser til Bergen mindre attraktive. - Før siste anbodsperiode hadde vi eit opplegg der Sogn og Fjordane vart sett på som eitt ruteområde. Så fekk vi eit opplegg som i praksis deler fylket i tre ruteområde, Florø, Førde og Sogndal/Sandane. Denne oppdelinga har slått negativt ut, og verst har det gått ut over Førde Lufthamn. - Men når Widerøe innser at rutetilbodet er så dårleg at kvar femte passasjer forsvinn, kvifor ikkje endre rutene, Lohne? ý I denne anbodsperioden har vi rett og slett ikkje høve til det. Vi skal bruke eitt fly på rutene mellom Førde og Bergen/Oslo. Innanfor dei rammene, kan vi ikkje få til noko betre.

Eitt ruteområde Widerøe har no i eit brev til Samferdsledepartementet gjort det klart at dei meiner heile Sogn og Fjordane bør sjåast på som eitt område, når rutene på kortbanenettet skal ut på anbod neste gong. Same har Sogn og Fjordane fylkeskommune kravd. - Vi meiner at ei slik ordning vil gje større fleksibilitet og eit betre ruteopplegg både mot Bergen og Oslo, seier Widerøedirektøren. Flyselskapet meiner dei med eit slikt opplegg også kan få tilbake ein del av interntrafikken i fylket. Den forsvant då Sogn og Fjordane vart inndelt i tre ruteområde, og trafikken delt mellom flyselskapa Widerøe og Coast Air. Sistnemnde flyg på den største flyplassen i fylket, Florø Lufthamn.