Resultata er mildt sagt tankevekkande: I tillegg til at ingen tåler sukker, er åtte av ti allergiske mot mjølk, éin er i tillegg allergisk mot kveitemjøl og ein mot fruktose. Men ikkje alle gjer noko med det.

17-åringen Christian Eskildsen er allergisk både mot kveitemjøl, fructose, sukker og mjølkeprodukt, men har ikkje lagt om kosthaldet.

— Eg gidd ikkje, det er stress. Eg merkar ingen forskjell, eg har jo alltid hatt det slik.

— Korleis «slik»?

— Eg er uroleg og småhyper heile tida, og klarar aldri å gjera dei same tinga særleg lenge. Men skal eg gjera noko med det, må eg byta ut nesten alt eg et. Det blir vanskeleg å gå ut og eta, og eg må ta med spesialmat overalt, seier Christian. Jamnaldringen Roy Ravndal har heller ikkje klart å legga om kosthaldet, sjølv om han reagerer negativt på kveitemjøl, sitrusfrukt, sukker og mjølk.

— Eg har prøvd, men klarte ikkje halda det gåande. Det er altfor dyrt med spesialmat. Men eg la om ein månad, og merka forskjell. Eg vart mykje betre i magen, mykje meir konsentrert og kvikkare. - Men no er du tilbake i gamle matvanar? - Nesten. Men eg passar på kveitemjølallergien, for den er sterk.

NESTEN SNOPFRI: Alexander Neteland (14) er allergisk blant anna mot sukker, men har ikkje heilt klart å slutta med godteri. Glenn-Ivar Sunde (13) har ikkje testa seg, men har likevel avlagt snopeløfte heime: Held han seg snopefri til jul, får han 1000 kroner.
FOTO: EIRIK BREKKE