Venstre når ikkje ut til veljarane med sine standpunkt, og dei har heller ikkje klart å føre venstrepolitikk i sentrumsalliansen, seier han. (Vi kunne ha nemnt at Gunn-Vivian Eide var på banen om bybanen just no, men det er jo bare eitt av våre klare standpunkt, så ¿)

Kjell Magne Bondevik er av ei anna oppfatning enn Einar Nordgulen, ser det ut for. Han har hatt stor nytte av å ha venstrefolk som nære rådgjevarar og bidragsytarar i si regjering. Han uttalte m.a. til BT at han i ei eventuell ny sentrumsregjering etter valet «må sette sin lit til Venstre».

Men då må vi over sperregrensa, sjølvsagt, og skal det lukkast, treng vi å få fram vår klare og uttalte politikk. Det har Einar Nordgulen rett i.

Korleis nå fram til folk, spør eg med rette, som nyvalgt leiar for dette partiet – i Bergen.

I Frp slåss dei om posisjonar. I Venstre finsliper vi våre politiske standpunkt. Følg med – følg med! Vi skal ha fylkesårsmøte på Stord til helga. Der blir det ingen eksklusjonar, men det kan bli utmeldingar. (Huff, då! Vi skulle ikkje spøke med slikt!)

Så gled dykk, lesarar/veljarar, vi er på offensiven! Om kort tid skal vi vere på banen med tydeleg profilert politikk og gode kandidatar! Så då er det bare å melde seg på i løpet fram mot valet, gjerne ved å melde seg inn – igjen.

GYRI SKRE, LEIAR I BERGEN VENSTRE