Avisa set no som då namnet mitt i fokus som ein av «den offentlige morals fanebærere».

Ja, Fana skulestyre hadde tilsett meg som rektor ved ein av sine ungdomsskular for elevar i alderen 13 til 16 år, med mandat og oppdrag etter normal for norsk skule: å hjelpe foreldra til å gi elevane ei moralsk og kristen oppseding — og gjere dei til gagns menneske åndeleg og kroppsleg.

Då Den Nationale Scene gjennom si ordning med skuleteater, inviterte elevane til å sjå «Hår»-musikalen, meinte svært mange lærarar i Bergen at teatret reiv ned dei verdiane skulen var pålagd å byggje opp og verne om.

I kampens «hete og harme» då, vart det gjerne brukt for store bokstavar og «Fanden på Engen» skildra i altfor grelle fargar.

Men 32 år etter sit framleis eit uroande spørsmål i hugen: Kva grunnlag hadde Bergens Tidende og barnehagelærar Sidsel Udnæs då å hevde: «Ikke en sjel (BT) tar skade av dette»?

Media sender i vår tid dagleg meldingar ut til folket om valdtekt og mishandling av barn. Kva og kvifor har det mislukkast med våre normal- og mønsterplanar? Vågar vi i dag å hevde at ikkje ei sjel tek skade av våre mest ekstreme (skamlause!) kulturelle framsyningar? Ikkje berre «den offentlige morals fanebærere» spør om det i dag.

JOHANNES ALME