ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

— Tida har arbeidt mot oss, sa konsernsjef Phillipe Bodson til dei rundt 1000 frammøtte i ein messehall i Ieper, og til alle som fylgde møtet direkte på Internett.

I hallen var minst 400 personleg frammøtte aksjonærar frå mange land. Det gjekk klart fram av konsernsjefen si utgreiing at han er i ferd med å gje opp arbeidet med å berga selskapet som tidlegare har hatt sterke band til Voss. Sjansane er små for at aksjonærane kan berga pengane sine.

Verna av fengselsmur I korridorane vart det spekulert mykje om tidspunktet belgisk påtalemakt valde for pågriping av Jo Lernout, Pol Hauspie og Nico Willaert, tre forgrunnsfigurar i den tidlegare leiinga. Dei vart taua inn få timar før aksjonærane samlast i Ieper, og sat i fengsleg forvaring medan generalforsamlinga pågjekk.

På offisielt hald vart det hevda at samanfallet i tid, var tilfeldig. I og rundt møtehallen vart det påpeika at dei tre var fråtekne retten til å forsvara seg overfor aksjonærane. Andre meinte at politiet var redd for bråk; at gr|ndarene kunne bli utsett for fysisk vald frå illsinte aksjonærar.

Tida renn ut Ein belgisk næringslivsjournalist som tidlegare var bedriftsrådgjevar på Tvildemoen, seier til Bergens Tidende at overlevingssjansane for L&H er lik null. Stemninga i Ieper er berre trist.

Konsernsjef Phillipe Bodson vil halda fram med arbeidet for å redda stumpane. Selskapet vil ha rettsleg vern mot kreditorane fram til ordinær generalforsamling i sommar. Men signala frå Bodson var ikkje oppløftande.

Restruktureringsplanen som forgjengaren, John Duerden, la fram for konkursretten, var optimistisk, kanskje realistisk då han vart lansert, men ikkje no lenger. Langt fleire delar av selskapet må seljast unna for å halda kreditorane frå livet. Det kan bli veldig lite att av flamske Belgia sitt industrielle flaggskip.

I løpet av vekene som har gått, har verdien på salsobjekta sunke. Tre grunnar er opplagte: Generelt svakare økonomi i IT-sektoren, fagfolk har slutta, og oppkjøparane trur på betre røvarkjøp ved å venta. Bodson trur ikkje lenger at han kan få 160 millionar dollar for oversettingsdivisjonen Mendez.