Då kommunestyret sa ja til sjølvbetjent pol sist veke, var håpet om magrare tider for dei som sel smuglarsprit, eit av hovudargumenta i debatten, skriv avisa Strilen.

Vedtaket vart gjort med 22 mot 18 røyster. Polutsalet i Knarvik omsette i fjor 95.000 liter alkohol, og reknar med å passere 100.000 liter i år.

Sjølvbetjening kan og medverke til at utsalet i Knarvik tek tilbake tapt omsetning til polet i Åsane.