Stegali er mor til ein av elevane som var med på turen til Skottland, og tykkjer synd på dei fem kameratane til sonen som no blir truga med å måtte betale meir enn 40.000 kroner.

— Samtidig må vi ta avstand frå det dei gjorde. Det finst inga god orsaking, dei vart åtvara på førehand og fekk klar beskjed om å ikkje ta med den slags i bagasjen, seier Stegali.

Ho var i går kveld i møte i foreldrearbeidsutvalet ved skulen, der softgun-historia var diskusjonstema. Ho har også snakka med faren til ein av dei ulykkelege 14-åringane, som ikkje har det særleg godt.

I neste veke skal det vere møte mellom skulen og foreldra til dei fem.

— Eg veit ikkje korleis vi skal løyse denne saka. Eg håpar i grunnen at Braathens droppar heile kravet. Det er trass alt snakk om mykje pengar, seier Stegali.

Informasjonssjef Anne Grete Ellingsen i Braathens utelukkar ikkje heilt ei slik løysing.

— Det viktigaste for oss er å setje fokus på at det gutane har gjort er svært alvorleg, og at det difor bør få konsekvensar. Vi ønskjer å diskutere saka vidare med skulen, seier Ellingsen.

Braathens kjenner heller ikkje namna til dei fem elevane, og valde difor å sende rekninga til rektor.

TRASIG: Foreldrekontakt Guri Stegali tykkjer synd i dei fem kameratane til sonen, som no blir kravde for meir enn 40.000 kroner etter pistol-historia på flyplassen i Aberdeen. FOTO: KNUT STRAND
KNUT STRAND