Tilstanden skal vera alvorleg, men stabil.

Mannen var instruktør og utførte eit tandemhopp med ein elev.

— Tandemhoppet gjekk som det skulle. Men då dei skulle landa fungerte ikkje utstyret. Ei luftpute under rumpa skal fylla seg med luft før landinga, men det skjedde ikkje for instruktøren. Luftputa til passasjeren fungerte derimot normalt, fortel lensmannsbetjent Trond Akre ved Aurland lensmannskontor til bt.no.

Mannen fekk eit slag opp gjennom ryggsøyla og fekk skadar i ryggen. Den andre personen i hangglideren kom uskadd frå hendinga.

Akre fortel at utstyret vil bli undersøkt for feil. Ulykka skjedde om lag 16.00 i dag.