OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no Stord

Grunnarbeidet er alt starta, så styreklareringa har lege i korta i fleire månader. Den formelle godkjenninga har late venta på seg, mellom anna på grunn av toppleiarskiftet i Alcan. Alcan og Norsk Hydro eig kvar sin halvdel av Søral i Kvinnherad. Bill Blundell har inntil vidare teke plassen til Jaques Bougie på toppen av det kanadiske gigantkonsernet.

Husnes-utvidinga inneber at begge elektrolysehallane blir lengde med 210 meter for å gje plass til i alt 80 nye omnar. Produksjonskapasiteten blir auka med 25 prosent eller 32.600 tonn råaluminium i året.

Dei nærmaste 18 månadane blir ein hektisk anleggsperiode ved Søral. Utvidinga gir store oppdrag blant anna til dei lokale verksemdene Byggekompaniet, W. Engelsen og Husnes Mek. og Rør.

Vegar og transportband for oksid skal leggjast om, eit nytt tørreinseanlegg skal monterast, likerettarar og transformatorar skal utvidast.

Samstundes skal det lagast ny innkøyring til fabrikken frå sør, med nytt parkeringsanlegg.

Utvidinga av produksjonen er ikkje venta å auka den faste sysselsetjinga på 420 personar.

Søral starta produksjonen i 1965 med ein kapasitet på 60.000 årstonn råaluminium. I dag er bedrifta god for 130.000 tonn, om lag halvparten av ka-pasiteten ved landets største aluminiumverk, Hydro Aluminium på Karmøy.

Etter utvidinga kjem produksjonen på Husnes opp i 160.000 tonn aluminium i året.