Dermed har den førre Kawasaki-forhandlaren, Bergen MC Center AS (BMC), vunne ein halv siger med anken til lagmannsretten. I byretten vart erstatninga sett til 50.000 kroner.

Overflødig importør

Striden dreier seg om retten til å forhandle Kawasaki i Hordaland, noko BMC hadde gjort åleine sidan 1981. Men våren 1991 gjekk importøren og Førde-mannen Roy Valvik saman om å starte som Kawasaki-forhandlarar i byen under namnet Ride Bergen AS.

Bakgrunnen er ein ny bransjetrend der forhandlarane kjøper syklane direkte frå store sentrallager i Europa, og såleis gjer det nasjonale importørleddet overflødig.

Dermed hadde importøren av Kawasaki, Colbjørnsen & Co AS, fått ei interesse i å sjølv ta hand om forhandlarleddet. Det gjorde han våren 2001, på ein måte som BMC hevdar er lovstidig.

BMC hadde mellom anna i forståing med importøren investert stort i butikklokala, og kravde i retten erstatning på opptil ni millionar kroner for måten Colbjørnsen & Co braut det årelange, lojale samarbeidet på. Mellom anna annonserte Ride Bergen slik at kundane måtte tru at BMC var avvikla. Dette medførte at eit overskot på 488.000 i 2000 var snudd til eit endå større underskot i 2001.

Utan omsyn til BMC

Lagmannsretten meiner at importøren hadde saklege grunnar til å endre på forhandlarleddet, men er samstundes kritisk til måten Colbjørnsen & Co avslutta samarbeidet på. BMC fekk mindre enn tre månaders varsel. Retten meiner Colbjørnsen hadde som mål å overta heile marknaden for Kawasaki i Hordaland, og opptredde på ein måte som dei visste ville skade BMC. Med bakgrunn i det lange forretningsambandet burde BMC fått ein rimeleg overgangsordning, til å trappe ned eller eventuelt starte alternativ verksemd.

Lagmannsretten legg ei samla vurdering til grunn at Colbjørnsen/Ride Bergen gjennomførte omlegginga på ein slik måte at dei er erstatningsansvarlege overfor BMC. Retten viser til at Colbjørnsens opptreden medførte eit tap vesentleg større enn den erstatninga byretten tilkjente, og viser til at 488.000 i overskot vart til 495.000 i underskot året etter.

Dette skuldast at Colbjørnsen straks ville overta heile marknaden i Bergen, utan omsyn til den tidlegare eineforhandlaren, meiner retten.