INNBLIKK

OLAV KOBBELTVEIT

Aftenposten kallar det «prinsippløshet». Dagens Næringsliv synest populisme er meir dekkande. Eg kallar det Framstegsparti-politikk, men vi snakkar nok om det same. Framstegspartiets generalsekretær Geir Mo har betre enn nokon andre forma partiets grunnidé: «Det ligger ingen tanke bak. Vi griper fatt i de politiske sakene som er i vinden.»

Likevel er det fleire enn Aftenposten (på leiarplass) som blir oppøst over Carl I. Hagens siste påfunn. Framstegspartiets stortingsgruppe har brått kome til at dei vil bruka statlege oljemilliardar i eit stort strukturfond som skal få fart på norsk næringsliv. Dette kan vanskeleg seiast å representera den økonomiske liberalismen som Hagen seier at Frps program prinsipielt byggjer på. Men skitt au.

Samstundes tek partiet til orde for ei kraftig styrking av Statens nærings— og distriktsutviklingsfond (SND). Dette vil gle somme i Arbeidarpartiet, men det harmonerer altså dårleg med Framstegspartiets tradisjonelle næringspolitikk. Men over natta er Frps prinsipielle motstand mot SND borte, fordi partiformann Carl I. Hagen tok fram pennen sin og strauk over det kapitlet. Så enkelt kan det gjerast.

Fleire snuoperasjonar

Før var det slik at Frp meinte foreldra hadde ansvaret for borna utanom skuletida. Skulefritidsordninga (SFO), som Arbeidarpartiet har kjempa fram, var Frp prinsipielt imot. No kan landsmøtet i Tønsberg denne helga koma til å opna for at Frp stør ei statleg finansiering av den skulefritidsordninga partiet før tok avstand ifrå.

Det er vel ikkje verre enn å snu i barnehagesaka. I barnehageforliket går Frp inn for å bruka milliardar av kroner på barnehagar, som partiet tidlegare var prinsipielt mot å støtta med statlege kroner. Enkelt skal det ikkje vera.

Vi som skal følgja dei politiske partia med kritisk blikk stussar. Kan ein tura fram på denne måten? Svaret er ja. Rundt fjerdekvar veljar synest Frp er eit godt alternativ.

Finst det ei linje i alle dei politiske rundkasta - reint bortsett frå at det stengjer for eit mogeleg regjeringssamarbeid med eit seriøst Høgre? Ifølgje Geir Mo er svaret nei. Hagen stikk fingeren opp i lufta, kjenner kor vinden bles ifrå, og så formar han sine standpunkt. Ei fascinerande form for politisk verksemd, men berre delvis dekkande for det som faktisk skjer. For Hagen har ein plan.

Dansk sosiologi

Den er bygd på ulike analysar, men konklusjonen er klår: Framstegspartiet må manøvrera seg så nær Arbeidarpartiet at veljarar derifrå endå lettare kan hoppa over i Hagens leir. Det er eit nærare hopehav med Arbeidarpartiet som kan gjera Frp politisk stovereint. Og, trur Hagen, det kan vera lettare å koma i regjering via Ap enn via Høgre. Det siste trur eg er rett.

Men det kan også vera sosiologiske grunnar til at det i første rekkje blir Frp og Ap som i framtida skal slåst om dei same veljarane. Lat oss ta ein rask tur innom Danmark.

Der prøvde nokre optimistiske mediemenneske å starta ei ny avis i fjor. Ho vart heitande Dagen, og ho fekk eit kort liv. Det hadde trivielle årsaker, så som altfor stort pengeforbruk, dyre lokale og for liten likvid kapital.

Hagen versus Stoltenberg

Men til grunn for prosjektet låg ein analyse som viser at den gamle oppdelinga av lesargruppene er ein smule forelda. Det finst velutdanna og velståande borgarar på høgresida, som har interesser som korresponderer med dei hos ei stor gruppe velutdanna og relativt velståande intellektuelle ute på venstresida. Dagen ville reindyrka dette sosiale sjiktet, og by dei interessante, vidsynte og djuptloddande artiklar i ei avis som var avskrella alt småplukk og tomt snakk.

Prosjektet havarerte, men analysen kan vera rett. Det finst i dag ei stor gruppe godt utdanna menneske med ei viss danning på høgresida, og ei tilsvarande gruppe på venstresida. Dei på høgresida hamnar i Høgre, medan dei på venstresida føretrekkjer SV. Somme triv kanskje også til Venstre og sentrum, men her har vi ikkje signifikante tal.

Av dette følgjer at det også finst store grupper utan høg utdanning på begge delar av den politiske midtstreken. Vi snakkar kanskje om oppunder halvparten av folket. Dei er det Framstegspartiet og Arbeidarpartiet skal kjempa om. Nett no er det Frp som er på offensiven.

Hagen bestemmer

Alt i 1999 skreiv eg om Hagens langsiktige plan for å nærma seg Arbeidarpartiet. Seinare stod Frp last og brast med Ap i IT-Fornebu-saka. Dei samarbeidde om eit omstridd skytefelt i Hedmark. I gasskraftsaka har Frp vist seg som ein trufast alliert for Ap, og dei snusar på dei same standpunkta i helse- og sosialpolitikken. I sum er hopehavet så omfattande at veljarane blir forvirra når Jagland - som i 1999 - utnemnde Frp til Arbeidarpartiets hovudmotstandar. At Arbeidarpartiet ifølgje Hagen har flytta seg «langt over mot meg» gjer prosjektet enklare å gjennomføra.

Carl I. Hagen har alt rive til seg store delar av Aps veljargrunnlag. No vil han til å beita på Aps innmark. Det er i denne konteksten vi må sjå utspelet om statlege strukturfond og styrking av SND. Hagen veit at det er Arbeidarpartiets veljarar som er lettast å kapra.

Vil Hagens politiske saltomortalar bli tema på landsmøtet? Nei, det er det forunderlege. Framstegspartiets politikk er den politikk som Carl I. Hagen til ei kvar tid fører. Og no er alle urokråkene ekskluderte.

SUVEREN PARTILEIAR: Carl I. Hagen held fast ved sin gamle strategi, og nye politiske rundkast fører Frp nærmare Arbeidarpartiet.