PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Norske rekkehus skal ha brannvegger mellom kvart husvære, slik at ein brann ikkje spreier seg raskt til nabohusværa.

Ifølgje brannsjef Geir Norevik i Flora kommune var ikkje brannveggene i det tolv husvære store rekkehuset i forskriftsmessig stand.

Dette medførte at brannen spreidde seg langt raskare enn føresett, og det var like før alle dei 12 husværa rauk med i ein storbrann.

Norevik meiner at berre rask og god innsats frå branvernet forhindra at alle tolv husværa vart totalskadde i brannen.

Slik det gjekk, vart fire husvære totalskadde og eitt fekk store vass-skader.

16 personar vart evakuert og tre ble innlagt på sjukehus etter brannen søndag kveld. To av husværa er heilt utbrent, mens dei tre andre fekk omfattande skader.

Det var ved 20.30-tida søndag at brannvesenet fekk meldinga om brannen i Havrenesvegen. Brannen startet i eit av i alt 12 husvære i rekkehuset, og spreidde seg raskt til nabohusværet.

Brannvesenet fekk nokså raskt kontroll over brannen, men etterslokkinga pågjekk til mandag morgon.

Politi og brannvesen måtte hjelpe til med å få bebuarane ut av leilighetene, og i alt 16 personer vart evakuert.

Tre personer vart sende til sjukehus med røyk— og sjokkskader. To av dei vart skrivne ut mandag morgon, medan den siste framleis er innlagt for vidare undersøkingar.

Politiet har ikkje fastslått korleis brannen i rekkehuset starta søndag kveld. Granskinga på åstaden startar tirsdag morgon.