— Vi hadde flaks som fann oljen like før oljeprisen gjekk til himmels og skapte gullalder. Og det var flaks for landet at vi kunne byggja opp oljenæringa i eit politisk klima som tillet proteksjonisme og fornorsking av industrien. I dag, i EØS, ville ikkje det vore mogeleg. Oljeindustrien ville ikkje ha blitt nasjonalisert, og utviklinga ville ikkje ha kome Vestlandet til gode på same måten.

- Korleis hadde Vestlandet sett ut i dag dersom vi ikkje hadde funne olje i Nordsjøen?

— Skipsbyggingsindustrien var i krise sist på 70-talet og hadde neppe overlevd om ikkje den kunne omstilt seg til offshoreoppdrag. I kriser ser vi at det som regel blir skapt noko nytt, men det er svært vanskeleg å spå om kva som kunne ha erstatta oljen.

- Det som skjedde har vel påverka busetjinga her vest?

— Oljeverksemda har betydd spesielt mykje for Rogaland og Hordaland. Sjølv om oljearbeidarane bur spreidd, var mange første tida konsentrert rundt Stavanger og Sola. No bur det flest rundt Bergen og Flesland. Den store folkeveksten i øykommunane nær Bergen og Stavanger kan også forklarast med oljen. Tilsvarande kommunar i Nord-Noreg er nærast avfolka.

- Kva har aktiviteten i Nordsjøen betydd for dei meir grisgrendte stroka?

— Mange oljearbeidarar har bygd hus og blitt buande i heimbygda si. Dei ville nok ha flytta til arbeid i meir sentrale strok om det ikkje hadde vore for oljen.

- Kor avgjerande har oljen vore for den teknologiske kompetansen her vest?

— Med oljen blei det industrielle tyngdepunktet her i landet flytta frå Austlandet til Vestlandet, frå Oslo til Stavanger og Bergen. Enorm teknologisk kompetanse er samla langs vestlandskysten. Det kan vera skummelt for Vestlandet når mange av dei teknologisk leiande selskapa i regionen no blir oppkjøpt av utanlandske firma.

- Hadde dagens velstandsnivå vore utenkjeleg utan oljeinntektene?

— Det er også vanskeleg å svara på. Eg trur vi hadde hatt stor arbeidsløyse i dag om vi ikkje hadde hatt oljeverksemda. Men lønsnivået er i grunnen oppsiktsvekkjande lågt her i landet, med tanke på alle oljeinntektene, og særleg har den restriktive økonomiske politikken som er blitt ført, gjeve lita utteljing til offentleg sektor.

- Korleis har oljen påverka oss kulturelt og politisk?

— Oljearbeidarmiljøet er svært samansveisa, plattformene fungerer som store kollektiv, livet der er nesten familiært. Men desse arbeidarane bur svært spreidd, og er ikkje med på å prega samfunnet der dei bur slik det skjedde på dei einsidige industristadene.

- Og oljearbeidarane blei aldri ein del av arbeidarrørsla?

— I dei gamle skipsbyggjarmiljøa er fagrørsla sine tradisjonar blitt haldne ved like etter at industrien vart offshoreretta. Vestlandsklubbane i Jern og Metall er difor framleis svært sentrale. Men offshorearbeidarane opplevde å få LO mot seg, og blei dermed ståande heilt utanfor den tradisjonelle arbeidarrørsla. Frå LO fekk oljeklubbane høyra at dei var usolidariske og grådige. Difor røystar oljearbeidarane heller ikkje på Arbeiderpartiet. Blant dei finn du mange som røystar Frp, SV og RV.

- Den første tida var det lett å få gode jobbar i oljen for unge utan utdanning. Har dette påverka haldninga til det å skaffa seg akademisk utdanning?

— Kanskje på Vestlandet. Men statusen til akademiet har minka først og fremst fordi alle har fått tilgang til slik utdanning.

- Kven er taparane i oljeeventyret?

— Oljeverksemda har mange offer. Det var mange ulukker dei første åra, tryggleiken kom ikkje på plass før midt på 80-talet. Dykkarane fekk aldri det vernet dei burde fått. Og korleis oljeutvinninga til sjuande og sist påverkar miljøet, det veit vi ikkje. Enno har vi ikkje sett den katastrofen som skrekkscenaria spådde, men det er kanskje heilt tilfeldig, seier Helge Ryggvik.