Det er HSD som har ansvaret for MF «Fedjefjord», og Vegdirektoratet er ikkje kjent med alle problema som det blir referert til. Det gjer Stein Petter Eriksen i direktoratet sin veg— og ferjeforvaltning klart overfor Bergens Tidende.

— HSD er eit profesjonelt reiarlag. Eg er overtydd om at selskapet vil handtera saka på ein profesjonell måte. Dei har opplagt ikkje sett seg i denne situasjonen av eigen fri vilje, seier Eriksen.

Han minner om at HSD har overteke båten og ferjedrifta frå BNR. MF «Fedjefjord» er bygd av Zamakona i Bilbao i Spania, og har dieselelektrisk framdriftsanlegg. Det vil seia at drivstoffet er diesel, men dieselmotorane si oppgåve er berre å produsera elektrisk straum (dieselaggregat). Straumen forsyner elektromotorar som driv propellane. Dette er eit system som har kome på ein god del skip etter kvart, men nokre tilfelle har vore mindre heldige enn andre.

Bergens Tidende kunne tysdag melda at propellane tidvis snurrar rundt utan styring. Difor tek ein ikkje sjansen på å ha passasjerar om bord, berre bilar, når MF «Fedjefjord» vikarierer for sin eigen vikar i fint vêr. For passasjerane er det sett opp skyssbåt. HSD måtte leiga MF «Kvitsøy» frå Rogaland fordi den nye, spesialbygde og seint leverte ferja for Fedje-trafikken vart for stor for Fedje ferjehamn. Den innleigde ferja har tidvis verkstadopphald.

Problem dukkar opp på mange ferjestrekningar, men her er det tydelegvis mykje på ein gong. Det har til no ikkje fått Vegdirektoratet til å revurdera regelverket sitt.