OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no

Konstituert konsernsjef Per Atle Tellnes i HSD seier til Bergens Tidende måndag at prøvane frå MS «Draupner» har bestått testen hos Teknoligisk institutt godt innanfor marginar og krav fastsett av styresmaktene.

HSD-leiinga vil seinare måndag senda ut ei pressemelding om materialtesten som reiarlaget har fått utført i Oslo etter at Alf H. Brekke i Senior Engineering sist månad hevda at ulukkesbåten «Sleipner» hadde aluminiumplater av merket Alustar som var sprøe og berre hadde ein brotstyrke som tilsvarte 40-80 prosent av styrken som var lagt til grunn for dimensjoneringane.

Brekke fekk i vinter Aker Stord sitt laboratorium til å utføra bøye— og strekkprøvar på spantdeler frå «Sleipner»-vraket. HSD har ikkje tillit til senioringeniøren frå Hardanger.

HSD sat måndag i møte med Veritas og Teknologisk institutt for å tolka resultata frå instituttets testar. Ifølgje Tellnes er årsaka at ein av dei tre prøvane hadde markert lågare verdi med omsyn til strekkfastleik enn dei to andre. Alle prøvane låg likevel godt innanfor krava med god margin, fortel Tellnes.

Aluminiumtypen Alustar er eit materiale som er godkjent av både Det Norske Veritas og Germanischer Lloyd. Veritas har godkjent «Sleipner» og «Draupner» som blei bygde av Austal Ships i Australia.

Marintek i Trondheim undersøkte sist sommar «Sleipner»-vraket på vegne av granskingskommisjonen, utan å finna spesielle forhold å påpeika med omsyn til materialkvaliteten.