ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Får skytebaneutvalet i Norheimsund/Øystese viljen sin, skal det byggast skytebane, pistolbane og leirduebane på Nedremarka, på sørsida av Skårsvatnet.

Vatnet er i reiselivsbransjen betre kjent som "The Gold Fish Lake". Her vart det for mange år sidan sett ut ein del gullfisk, og dei trivst så godt at dei har auka i tal og storleik. Dette har guidane på turistbussane fått greie på. Tusenvis av turistar køyrer gamlevegen mellom Øystese og Porsmyr for å få med seg denne attraksjonen.

Frå rasteplassen på nordsida av vatnet, der turistane hiv brødsmular uti for å lokka til seg dei staselege fiskane, er det under 700 meter i luftline til skyttarlaga sin planlagde standplass.

Naturleg nok går det som fot i hose å få turistane til å signera protestlistene som Soldal og Porsmyr Grendalag har lagt ut på rasteplassen. Også dei som bur i grendene, skriv under.Leiar i grendalaget, Arne Isak Flatabø, er mest fortørna over framgangsmåten skytebaneutvalet har utsett grendafolket for.

— Dei som bur i Tolo-marka er lova at noverande skytebane skal bort derifrå. Dei som bur på Kjosås greidde å forpurra av skytestøyen kom dit, samstundes som dei fekk vera med på å bestemma alternativ plassering. No vil dei plassera skytebana i vår grend utan av vi får eit ord med i laget, seier Flatabø til Bergens Tidende.

Han varslar kamp framfor kommunestyremøtet 26. juni. Flatabø meiner slike saker må avgjerast ved kommuneplanlegging, der ein ser Kvam under eitt og til dømes samlar støyande verksemd der støyen gjer minst skade.