— At kraftutbygging blir umogeleg med eit vernevedtak er noko av det beste med verneframlegget. Kraftutbyggjarane har alt forsynt seg grådig av vassdraga rundt Hardangerfjorden. Det er avgjerande å spara fri vassdragsnatur for framtida, seier Tom Sverre Tomren, leiar i Naturvernforbundet Hordaland.

Statkraft, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Tyssefaldene har konkrete utbyggingsplanar for vassdrag som såvidt ligg innanfor vernegrensene som Fylkesmannen i Hordaland har gjort framlegg om. Blådalsvatn i Kvinnherad og Blåvatn i Odda er to av stridsvassdraga. Ei totalfreding etter fylkesmannens grenseframlegg vil gi eit tap på inntil 300 GWh ny elektrisk kraft.

Naturvernforbundet meiner at konflikten med kraftutbyggjarane er det største trugsmålet mot verneframlegget. Summen av naturinngrepa til kraftselskapa sine utbyggingsframlegg vil sterkt forringa dei nasjonale verneverdiane i området, hevdar forbundet.

Statkraft ønskjer å leggja vernegrensa på innsida av Middagsvatnet og Blådalsvatnet i Kvinnherad, slik at det kan overførast vatn derifrå til kraftstasjonane i Mauranger.

SKL vil ha Fonnavatnet i Kvinnherad og Eikemoelva i Etne utanfor vernegrensa for å ha tilgong på meir vatn til Blåfalli-anlegga. Tyssefaldene vil ha Blåvatn i Odda ut av fredingsområdet for å ha tilgong på vassressursar til ein kraftstasjon på Eitrheim. Planen om å gjera Folgefonn-området til nasjonalpark blei første gong sett fram offisielt i 1986. Fylkesmannen sitt framlegg omfattar i alt 660 kvadratkilometer, nasjonalparken og fem landskapsvernområde i dalane inn mot Fonna.